Siste

#flashtat

Eg har fått heilt dilla på flash tattoos – superfin og praktisk bling som ikkje heng seg fast i ting eller forsvinn på mystisk vis. Ikkje kostar dei skjorta heller, og det er jo også en fordel for ei som aldri brukar ei krone på gull og glitter. Eg er nyfrelst jålegeit!

Vakre Ida-gravida

Søstra mi var forlover i bryllupet eg fotograferte i går, og eg benytta anledninga til å knipse nokre få bilder av ho med den flotte babymagen. Er ho ikkje nydelig? :)

Gult er kult

Gult er kult på ei lita storesøster som elskar å «ploppe tein» i fjæra :)

The most relaxing place on earth

Den amerikanske nettavisa Huffington Post har nylig kåra verdens mest avslappande plassar. Min heim, Nordfjord, Norway havna på førsteplass og danka ut både stillehavsparadis og søramerikanske perler. Lørdag morgen var eg ute og rodde færingen i lag med mamma og søstrene mine, og det var definitivt avslappande og fredelig å sjå fjella speile seg i fjorden og kun høyre lyden av årene som traff vatnet.

Her kan du lese artikkelen og sjå heile lista.

Babylove

Eg er så uendelig heldig som får dele dagane med denne blide, kvikke, gode jenta. Vi har det fint, vi! :) Eg er veldig streng når det gjeld eksponering av jentene på blogg, Instagram og FB. Dei få bildene som blir lagt på nett er situasjonsbilder der ansiktet er skjult. Eg er jo så inderlig kry av desse to og vil egentlig vise dei fram til heile verden, men det er jammen fint å få ha alle lure smil og gode stunder for seg sjølv. Dette bildet er et unntak – stoltheten tok overhand og eg må berre vise dette lille fjeset til dei som kikker innom :)

K + K #2

Deler fleire bilder frå Kariann og Kjartan sitt junibryllup. Ladar opp til morgendagens oppdrag med nokre favorittar i svart/kvitt. Bryllupsfotografering har gitt skikkelig meirsmak :)

K + K

Siste helga i juni fotograferte eg nygifte Kariann og Kjartan. Dei kom frå kirka med båt, og vi tok bryllupsbildene på en nydelig plass ved fjorden med svaberg og gamle naust. Sola var i sterkaste laget denne dagen – kjekt for brudeparet, litt utfordrande for meg. Det blei mange fine bilder til tross for skyggane og eg har fått lov til å dele nokre av dei her :)

Følg

Få nye innlegg levert til din innboks.