Siste

Favorittvårtegn

Min favorittblomst, kvitveisen, har endelig dukka opp :) Den er og blir den finaste eg veit, så eg blei hoppande glad då eg såg at den plutselig stod der i kveldssola. Enkle gleder :)

Baby bliss

For eit par veker sidan tok eg gravidbilder av Siv, mi fine venninne. Med kun 18 dagar igjen til termin var det begynt å haste litt med den der fotograferinga, så vi trossa snøbyger og iskald vind og fekk foreviga babymagen i ein fei. 10 dagar seinare kom ein liten lillebror til verden :)

Snøbygene ut i fjorden var jo egentlig et kjempepluss, for snakk om lys og fin bakgrunn! Supert bakteppe for denne spreke dama :)

Spring has sprung

Det er heilt ny sesong sidan forrige oppdatering. Det lysnar endelig, både bokstavelig og billedlig :) Det er ein ny vår, og i lag med vårsola kjem også inspirasjon og overskudd til å fotografere og skape meir. For skape må eg, kvar dag. Det treng ikkje å vere rare greiene, men noko kreativt må eg utrette. Sy litt, tegne litt, strikke litt, knipse litt, bygge litt, flytte om på ting eller i det minste planlegge nye prosjekt. Eg har gjort mykje av sistnevnte. På tide å gje liv til ideane.

Har tatt inn plommegreiner frå hagen og dei blomstrar så fint i vinduskarmen.

Vintervakkert

Det manglar ikkje på fine motiv her eg bur, og mi begeistring for det typiske nordiske blir ikkje mindre av en rusletur i bygda en vinterdag. Flaks for meg at eg ikkje må lenger enn til nabogarden for å finne dette sjarmerande kvernhuset:

Heimesydd sengehimmel

Eg har sydd sengehimmel/kosetelt til storesøster. Har ønska meg Mokkasin/Numero 74 sin fine sengehimmel lenge, men ikkje berre er den «slut på lager», den er også dritdyr. Tenkte at det ikkje kunne vere så vanskelig å sy en liknande sjølv, så eg kjøpte to laken og sette i gong. Pappa hadde tjukk stålstreng og laga en ring med diameter 40 cm til meg. Kreasjonen har en skjønnhetsfeil eller tre, men til å vere heimesydd til under 200-lappen er eg fornøgd. Det er ho som fikk den også :)

Måtte ha litt rosa inni der, så eg sydde ei sukkersøt pute også.

Nordic

Fjæra her eg bur er en av dei mest inspirerande plassane eg veit om, uansett årstid. No om vinteren er det duse blå og grå nyansar som dominerer, og det er både vakkert og avstressande. Er så glad i desse særegne nordiske fargane! Meir eksotisk enn palmar og strender, spør du meg :)

Telelinse = nærbilde av en fjelltopp på andre sida av fjorden Detaljbilde av en gammal naustbjelke

Fining

En av våre fire fine firbeinte :) Hestane kosar seg ute i snøen og eg jublar for lyse, gode fotoforhold.Testar blogging frå mobilen for første gong i dag. Nettet vårt er nede etter et heftig lynnedslag på fredag. Strømforsyninga til modemet eksploderte og støpselet er svartsvidd. Snakk om pangstart på nyåret!

2015

2015

Jula er rydda ut og vi har ønska et nytt år velkommen. 1. januar 2015 – eg startar med blanke ark og forventningsfulle tankar om det nye året. Tusen takk til alle som har fulgt bloggen og lagt igjen fine ord i året vi nettopp har lagt bak oss. Eg set stor pris på kvar einaste kommentar. Skaparlysta er på topp (måtte det vare), så eg håpar eg kan glede og inspirere med bildene mine i året som kjem.

Godt og flott nytt år til alle! :)

I got a horse for Christmas!

Jepp, tidenes finaste julepresang vrinskar og har fire bein. Det flotte fjordhesteksemplaret til høgre i bildet kjøpte Bjørn og eg til kvarandre til jul. (Svigerfar spytta også i og er medeigar.) Ho har funne seg godt til rette her hos oss og er blitt bestevenn med minstemann i flokken. Som dei har leika i snøen desse dagane! Kjekt å sjå for store og små :)

DIY – julekrans

Kassene med julete julepynt står fortsatt på loftet. Eg skal hente dei til helga, men uansett er det grønt og naturfargar som dominerer i heimen. Blir aldri heilt fortrolig med julerødt, men det blir jo litt stusselig uten. Det skal vise at det er jul her også. Til helga! I dag begynte eg på to slike kransar som skal henge i trappa. Metallkrans (15 kr på Panduro-salg), tyttebærlyng, pepperkaker og litt snøre var alt eg trengte. Synes denne fargekombinasjonen er nydelig å kvile augene på. Har sagt det før og seier det igjen – det enkle er det beste, i alle fall finaste. Eg hadde jo tenkt å lage dei ferdige og vise resultatet, men eg kom ikkje lenger enn dette før frøken lakenskrekk våkna igjen :)

Juleforberedelser2

Den første snøen

I dag har den første snøen lagt seg her ved fjorden. Det er så fint! Blei så glad når regn- og haglbygene gikk over til lett snø – måtte sporen streks ut og vere i vinteren. Gikk trilletur med ei forundra jente som prøvde å fange snøfnugga som kom inn i vogna. Etter middag testa storesøster og eg akeføret, og eg hadde det minst like kjekt som toåringen. Barnslig glede er det beste som fins! Å komme inn i varmen igjen med røde kinn og glade sinn.. det er jo akkurat slik en desemberkveld skal vere. Håpar snøen får ligge i fred ei stund :)

Gler meg til det fine vinterlyset kjem. Vil fotografere meir natur og landskap, det har det blitt altfor lite av dette året.

Forandring fryder

Eg har ommøblert litt på kjøkkenet og laga plass til en etterlengta kosekrok. I går kveld satt eg der med tekopp og tente lys mens stormen ulte og regnet piska på ruta. Fin forandring som fryder fruen :)

Ventetid

Snart jul igjen! Ventetida dei neste vekene er det beste med heile jula – for meg er førjulsaktivitetane vel så viktige som sjølve julefeiringa. Eg kosar meg med å pakke inn presangar, høyre på julemusikk og pynte og dille. Har faktisk fleire førjulstradisjonar enn romjulstradisjonar når eg tenker meg om. Å sjå Love Actually med søstrene mine er et must. Det samme er flatbrødbaking med Besta og julemarkedet på det lokale hestesenteret, for å nevne noko. I år er storesøster så stor at ho begynner å skjønne litt (og kanskje huske litt?) av oppstyret, så denne jula skal bli knallfin. Eg gledar meg! :)

Adventsstakane er heimelaga. Dei består av spraymala hermetikkboksar og tall som eg har printa ut på klisterpapir (frå min gode venn eBay). Mose, minibregner og små konglar fant eg omtrent på tunet så det blei krona på verket. Enkelt og greit.

Takknemlig

Lillesøster er seks månader i dag og et halvår har aldri gått så fort! Det er hektisk med to tette, men fy søren så mykje glede dei gir oss og kvarandre. Eg føler meg som verdens heldigaste. Føler meg forresten ganske trøtt også, men mest heldig. Og uendelig takknemlig.

It’s beginning to look alot like..

Det er ei veke igjen til advent og førjulstid, men eg har vore i julemodus i vekesvis allereie. Eg, som alltid har fått åndenød av at jula begynner så tidlig i butikkane – i år kom eg dei til og med i forkjøpet! Planlegginga har pågått lenge og dei fleste julegavene er i boks. Forstå det den som kan. Eg har ikkje pynta til jul altså. Eller, har eg det? Bjellestjerna og einekvisten er jo temmelig julete, og snopekrukka er ikkje heilt fri for juleassosiasjonar den heller.. Skitt au, kjøkkenhyllene er visst førjulspynta. Meir enn dette blir det ikkje på lenge. Adventsstakar- og stjerner skal fram neste helg og det får holde i massevis til langt ut i desember :)

Et bilde seier meir enn 1000 ord

Eg tar veldig mange bilder i løpet av et år, og dei fleste blir dessverre liggande i ei mappe på pc’en eller mobilen. Eg har hatt dårlig samvittighet i årevis for alle bildene som fortsatt ikkje er i album eller på veggen. Tidlegare i haust fikk eg en hyggelig henvendelse frå Smartphoto der eg blei invitert til et samarbeid under slagordet «et bilde sier mer enn 1000 ord». Eg valgte ut fotoprodukter etter eget ønske, blant anna denne boka med hundrevis av kvardagsøyeblikk av Bjørn og jentene, heilt frå den dagen storesøster blei født. Bildene er altfor minnerike til å slettast og altfor mange til å framkalle/printe. Denne fotoboka var årets farsdagspresang i heimen og etter reaksjonen å dømme var dette innertier på gavefronten :) Tusen ord kunne i alle fall ikkje fortalt dei fine historiane bak bildene i denne boka. Kanskje et julegavetips til en pappa som har alt?

Innlegget er laga i samarbeid med Smartphoto.

Pause

Snøen har lagt seg i fjella og dagane blir mørkare og kortare. Om et par veker takkar sola for seg og vi ser den ikkje igjen før på nyåret. Været er nydelig om dagen og eg passar på å nyte bleike solstrålar og overgangen frå haust til vinter. Det er ei fin tid, dette. Eg synes ikkje at november er ikkje grå og trist, kjem på minst femogtjue ting å glede seg over i november. Rimfrost, stjernehimmel, piskande regn, vakkert gyllent lys, blåtime, tid for innekos, forberedelser til jul, ulande vind, bålbrenning i skumringa, levande lys, vakre soloppganger, røde kinn og knitring frå peisen, for å nevne noko. Med andre ord; mange anledningar til å finne fram varm drikke og ta ei pause.

For min del innebærer det å dille og forsøke å ta vakre bilder. I det eg var ferdig å knipse dette våkna lillesøster ;) Et kreativt avbrekk var mi pause denne gangen, og den gjorde godt :) Bildet er mitt bidrag i månedens NIB-utfordring, «Min anledning».

Sydilla

Den dårlige oppdateringa her i bloggverden skuldast min nye hobby, nemlig søm! Har fått heilt dilla på å sy barnekle, og med ny symaskin i hus har det tatt litt av dei siste vekene. Med ei lillesøster som nesten ikkje søv på dagtid og en Bjørn som reiser mykje med jobben er det lite tid til overs til alle ideane mine. I ledige stunder er eg på plass ved symaskina, så fotografering og diy-prosjekt er langt nede på prioriteringslista for tida. Blir litt sprø av å tenke på alt eg vil lage eller fotografere, så eg trur eg må gje klesproduksjonen ei lita pause snart.

Etsy (blant andre) forsyner meg med dei finaste stoff. Desse nydelige sommarfuglane har foreløpig blitt til genser og lue til storesøster.

Tv’en vår har forresten ikkje virka på seks veker og eg har ikkje savna den et sekund. Vi ser barne-tv på nett og that’s it. Kveldsunderholdninga står eg for sjøl og det er finfint (og egentlig litt stressande..) å aldri kjede seg. Never ever.

Oktober

Hausten er den beste årstida, og oktober måned er den flottaste av alle tolv. Lufta er aldri så frisk og himmelen aldri så blå. Kontrastane er så store. Denne veka har vore heilt fantastisk med strålande sol, nattefrost, nordlys, spektakulær stjernehimmel.. ja, eg blir heilt høg på haustluft og fin natur. Lillesøster og eg har vore på fjellet kvar dag. Onsdag morgen låg skodda tjukk innover fjorden, og vi satt på en liten topp og såg ned på skoddehavet. Rett og slett vakkert.

Something blue

Blå er utvilsomt min favorittfarge. Likar heile skalaen frå lys til mørk, men no om hausten er eg ekstra glad i klare djupblå nyansar som minner meg om høg himmel og endelaust hav. Det er nok ikkje tilfeldig at nokre av favorittsakene mine har akkurat den fargen :)

Something-blue2

 

1. stor og god tekopp, 2. eske (laga sjøl), 3. ullskjerf, 4. babushka-dukke, kjøpt i Russland, 5. Clean-parfyme (shower fresh), 6. agate-stein, fått av mamma og pappa då eg var lita, 7. bilde av nettopp høg himmel og endelaust hav, 8. fotobok frå National Geographic, 9. akrylmaling, 10. gammal skål, fått av Besta

K ♥ T

Denne veka leverte eg bryllupsbildene til sommarens siste par framfor kameraet mitt. Kariann og Tommy gifta seg 29. august, og ville ha en enkel photoshoot i lag med dei skjønne jentene sine. Her er fire favorittar :)

Diggar denne alléen – fin som fy og det er alltid bra lys der.

Instamoments

September er over for i år, og den har vore fin! Oppsummerer med ni instamoments :)

Homemade

Plommeavlinga vår slo fullstendig feil i år, men besteforeldrene til Bjørn kom på døra med ei bøtte slik at eg fikk kokt i hop nokre glass plommesylte med krydder. Etter at jentene kom til verden har eg blitt enda meir opptatt av rein, skikkelig mat og vi lagar mykje sjølv. Smaken overgår alt frå butikken, og vi veit kva vi puttar i oss. Kjekt er det også! :)

Det skal ikkje berre smake godt – likar at det ser fint ut også ;) Eg laga egne etikettar i Photoshop, printa ut på etikettpapir (kjøpt på eBay) og klistra på glass og lokk.

Mitt ytterpunkt

En av dei vakraste plassane eg veit om blei besøkt på fredag. Havet var stille og utsikta slåande som alltid. Då vi kom heim hadde toåringen «lyst meir på fælle» (altså fjellet), og eg er takknemlig for at eg kan gjere slikt i lag med familien min og at turgleda tydeligvis/forhåpentligvis går i arv.

DIY – bordkort

Vi feira dåpsdagen til lillesøster på søndag, og bordet blei dekka med det septembernaturen har å by på. Eg laga bordkort av lønneblad som eg spraya med sølvmaling. Skreiv på navn med sprittusj og festa dei til glassa med små, kvite klesklyper. En rødkløver (som faktisk er rosa) pynta opp kvar kuvert. Synes det er fint å ta naturen inn på denne måten og bruke av det som fins rett utanfor døra. Likar at det ser litt nedpå og ujålete ut. Det enkle er ofte det beste :)

K ♥ J

Her kjem fleire bilder frå augustbryllupet til Kathrine og Jon. Vakre både inni og utanpå :)

Fredagsfjelltur

Eg har vore på fjellet i kveld og lufta vettet litt etter ei travel veke. Å gå på fjellet aleine er rein terapi for meg. Det er sjelden disig på desse kantar, men i kveld såg eg berre siluettane av fjella i nyansar av blått, grønt og grått. Blei snytt for havutsikta, men dette synet var jo heilt magisk! Så stille og trolsk – den einaste lyden var vinden som bles forsiktig mellom toppane (og mi eiga pusting og pesing då..) Fjellufta gjorde susen for kropp og sinn denne gangen også, så no er eg 100% opplada og klar til dåpshelg :)

The big day

Deler bilder av vakre Kathrine som gjer seg klar til sin store dag. Ho gifta seg i begynnelsen av august, og eg og kamera var fluge på veggen. Dei nygifte har godkjent bildene med god margin og eg har fått tommel opp til å vise nokre av dei her :)

Ready, set, go :)

S ♥ TH

Brudepar nr. to på minnekortet denne sommaren var herlige Solveig og Tor Helge. Dei hadde et skikkelig bygdebryllup tre dagar til ende og eg var med som fotograf på sjølve bryllupsdagen. Været var flott og stemninga på topp. Kjekt å fotografere så sprudlande og fine folk :)

DIY – uro ala haust

Så var den her igjen, hausten, og det er dags for å la kreativiteten få utløp. Skaperlysta er stor og prosjekta står i kø. Først ut var denne uroen av lauv, lerkekonglar og eikenøtter som eg har spraya med sølv- og kobbermaling. Ringen har eg tvinna av ei tynn grein. Hengte opp alt med sytråd, og vips; fin haustpynt for både mor og barn ;)