Archive for september, 2012

Fredagskos

Fredag og kosetid igjen :) The housewife fikk plutselig bakelyst i dag (det skjer ikkje for ofte..), så her blir det eplemuffins til kvelds. Fortreffelig gode om eg må få seie det sjøl. God helg :)

Advertisements

Fargekick

Eg har gått mykje på tur i det siste, og den slags blir det mange bilder av. Blir så glad av dei fine fargane :) 


Familien fjellgeit

Endelig blei været fint nok til å ta med lillejenta på fjellet, så i går gikk vi vår aller første familiefjelltur :) Har bæresjal til vesla (som berre er seks veker) og det er heilt ypperlig til turgåing. Ho trives kjempegodt i det og søv med en gang vi puttar ho oppi. Det er så vakkert i fjellheimen no – nydelige fargar og lukter. Herlig tur! 


Haust på trappa

Har rydda inngangspartiet i dag og gjort det haustlig med lyng, lykter og lerkekonglar. Kroken bygde vi i sommar og er et av mange småprosjekt som har stått på vent sia vi flytta inn i 2010. Kjekt å kunne krysse litt av på lista. Syns det blei  koselig eg :) God helg!

Knaggrekka og benken er heimesnekra av rekved og gamle fjøler eg fant på låven. Fint og fullstendig gratis :) Korga med lyngen i har eg fått av pappa. Heimelaga en gang i tida den også.


Raindrops keep falling

Regnet vil ingen ende ta og slik skal det tydeligvis fortsette. Gikk en liten tur tidligare i dag og eg såg ut som ei drukna katte etter ti minutt. Menmen, eg er optimistisk og ventar tolmodig på sola og dei fine haustdagane. Dei må vel komme før eller seinare..? :) 


Herlige haust

Her er hausten godt i gang, både ute og inne. Den første stormen har herja og det er nysnø på dei høgaste toppane. Eg har fått på plass pledd og saueskinn i sofaen og tent lys i hopetall, så denne helga er det innekos på programmet :) 


September

Det er september og hausten er rett rundt hjørnet :) Gler meg alltid sånn til denne årstida. Kald og klar luft, stjernehimmel, nydelige fargar ute, finaste fjellturane, vind og ruskevær, innekveldar med levande lys og fyr i ovnen.. What’s not to like? :)

I går kveld fikk vi en forsmak på det som ventar og eg ser virkelig fram til fleire slike dagar. Fullmånen var breathtaking og eg måtte berre ut å knipse. Er irriterande mørkeredd, så eg turte ikkje å gå lenger enn rett nedfor huset vårt ;) Hadde skyhøg puls der eg stod og venta på at det skulle komme en galning ut av buskene. Stupid! Må jobbe litt med meg sjøl der altså. Magisk måneskinn var det uansett. Ha en fin første (offisielle) haustdag folkens :)