Archive for desember, 2012

Baby, it’s cold outside

Er innom for å dele nokre bilder eg tok i helga. Det er så fint med rimfrost og is på vatnet :) Håpar alle kosar seg i jula. Det gjere i alle fall eg :)

Advertisements

God jul

Utrulig at det er julafta i morgon. Desember har som vanlig gått forrykande fort, og eg har ikkje fått kryssa av halvparten på what to do-lista mi (også heilt vanlig). Det blir vel jul sjølv om vi har handavtrykk på speildørene og uvaska tak. Det er ikkje krise at huset ikkje er gullande reint eller at vi berre har to sortar i kakeboksen. Eg har familien min og god stemning og det er egentlig alt eg treng for å få ei fin jul :) Vi har igjen litt vasking, ei pakkeleveringsrunde og trepynting før julefreden kan senke seg. Gler meg til fine dagar i lag med nære og kjære.

Ønsker alle ei riktig god jul! 


B for bursdag!

Mannen i huset fyller 30 i dag! Ingen over, ingen ved siden av. Han er rett og slett fantastisk! Gratulerer med dagen, kjære B :)

Bildet er tatt ved stølen vår og viser en B i sitt rette element :)


Julestjerner

Her blir litt meir jul for kvar dag no, og i år som alle andre år er det stjernene som dominerer. Har aldri vore så glad i dei tradisjonelle hjertene og nissane, så her i heimen pyntar vi med stjerner og englar :) Desse bildene er mitt bidrag til NIB si desemberutfordring; jul i vårt hus.

Julestjerner-ll Stjernene har eg klipt ut av bark frå vedakassa ;) Julestjerner Telysglassa fikk eg til jul av ei venninne for minst ti år sia (takk Agathe ;).

Marsipanstjernene er heimelaga i ei gammal isbitform frå IKEA.

Julestjerner-lll


Vintervakkert

Det er så utrulig fint ute for tida! Minusgrader og barfrost = skikkelig  julestemning. Blir så fasinert av alle dei vakre detaljane, som for eksempel iskrystallane på bilruta :) Ha en fin fredagskveld folkens :)


Adventstid

Så var det desember og adventstid igjen :) Stjerner og lys er på plass, og julestemninga kjem litt etter litt sjøl om eg ikkje tar av med pyntinga så tidlig i desember. Den mest julete pynten får ligge på loftet et par veker til tenker eg. Er så glad i denne tida! Desemberdagane er så fredelige og gode, og eg merkar at roen senkar seg både inne og ute. Dyra virkar meir bakpå og det er litt magi i lufta ;) Ønsker alle ei fin førjulstid :)

Advent-ll