Archive for februar, 2013

Hejdå februar

Siste dagen i februar, og dermed er vinteren faktisk (offisielt) over. I morgon er det vår! :) Oppsummerer med ni glimt av min februar via Instagram.

P.S. Hot tip; last ned Photo Transfer App for å overføre bilder trådlaust frå pc/mac til iPhone (og omvendt) uten å involvere iTunes. Bildene legg seg automatisk i camera roll’en. Blir så irritert på iTunes og kablar og greier, så appen var verdt dei 21 kronene eg betalte :) Bildet av fuglen er tatt med Canon, resten med iPhone. 

Instagram-februar

Advertisements

No blir det vår! (?)

Denne helga kom våren hit til Nordfjord med sol, blå himmel og åtte pluss. Herlig å vere ute dagen lang og kjenne at sola varmar. Slik såg det ut i fjæra i går; tørre svaberg og glitrande fjord. Dette må nytast! Neste veke snør det sikkert igjen ;)

Canon EOS 450D + Canon EFS 60mm f/2.8 Macro USM


Bathroom inspiration

Badet i første etasje er det einaste rommet i huset som står uferdig. Det fungerer som roterom og lager, og det er en kjempejobb berre å rydde der! Planen er å få det ferdig i løpet av året, og vi (les eg) er i full gang med planlegging. Vi (ja, eg i alle fall) vil ha ei lun stemning med detaljar i tre. Utgangspunktet vårt er treramme på speilet og golvflisar i treimitasjon frå Newood. Dei er så fine! Ellers er ingenting bestemt, så eg kosar meg  med inspirasjonsbilder frå Pinterest og gler meg til å komme i gang :)

modern tub / wood bathroomFinfint med tregolv på badet :) Bilde via Pinterest.

Tine K´s bathroom

Trebenk må vi ha! Bilde frå Tine K Home via Pinterest. 


Misty morning

Canon EOS 450D + Canon EF-S 15-85mm f/3.5-5.6 IS USM


Grønt er skjønt

Kulden har gitt seg i denne omgang og det er faktisk litt vårlig ute :) Eg har ribba fastelavnsriset og fordelt greinene rundt om i huset. Vårfint med nyutsprungne bjørkeblad midt i februar! Er veldig glad i grønt, det er et must i vår nøytrale og lyse heim. Har grønne plantar (meir eller mindre levande..) over alt, og et og anna grønt naturfotografi på veggane. Perfekt i lag med kvitt og grått. Skjønt at våren er i anmarsj. Kjenner at eg er klar for lysare tider og meir farge på tilværelsen :)

Grønt-er-skjønt

Finfine, skeive glass med grønn botn. I like! Canon EOS 450D + Canon EF 50mm F1.8 II


Fjelluft under vingane

På lørdag kom eg meg endelig på fjellet igjen :) Det blei berre en snartur på setra sia vesla venta heime med bestemora, men eg lever lenge på turen likevel. Gler meg til ho kan vere med oss. B tok scooteren og eg fikk snørekøyre opp med brett på beina. Fantastisk! For en feeling å cruise seg heimover i strålande sol og den fine puddersnøen. Vi er i paradis her vi bur. Det er virkelig et privilegium å starte på tunet ved fjorden og vere her 30 min. seinare. Og i tillegg ha heile fjellheimen for oss sjøl. Aldri i livet om eg vil bytte med byfolket :) (eg er fortsatt litt høg på fjelluft ja, derav mange flotte ord og høgtsvevande tankar).


Canon EOS 450D + Canon EF-S 15-85mm f/3.5-5.6 IS USM 


Hest er best

Med tanke på kor mykje tid vi brukar på hestane våre så er det ikkje rare oppmerksomheten dei har fått her. I går tok eg bilder mens dei herja og sprang i snøen. Hingsten på to år fikk leike litt i lag med hoppene før vi delte dei igjen. Som dei kosa seg! Kjekt å sjå kor glade og øsne dei er. Dei trengte treninga, er ikkje akkurat underernærte for tida ;) Så snille og gode alle tre!