Archive for april, 2013

Takknemlig

Eg har hundrevis av grunnar til å vere takknemlig. Er flink til å sette pris på det eg har i staden for å fokusere på alt eg skulle hatt, sjøl om ønskelistene er milelange. Det er jo stort sett berre ting. Søndagssysselen blei et minilerret med kloke ord for å minne meg på at eg (og alle andre nordmenn) er blant dei mest privilegerte i heile verden. Tenk på det du! Dette skal eg sjå på når eg sutrar fordi eg ikkje kan kjøpe alt eg vil ha. Det viktigaste er jo allerede innanfor husets veggar. Puh, heavy filosofering på en mandagskveld :) Over og ut! 

Reklamer

Happiness is on the way

Forrige fredag hadde eg en fotoshoot med Siv-Carina, mi flotte høggravide venninne. Babyen er venta i midten av mai, så ting kan jo skje kortid som helst! Dette var mi første gravidfotografering (for andre enn meg sjøl altså), så eg er veldig fornøgd :) Vi hadde kjempeflaks med veiret og fikk til og med litt sol mellom dei heftige sluddbygene. Bildene blei så fine, berre sjå her kor nydelig ho er.

 

P.S. Det blei visst ei lita bloggpause her, men det blir ikkje to veker til neste oppdatering. Promise! Velkommen til nye følgarar og tusen takk for fine kommentarar! Eg set stor pris på dokke alle! :)


Fredagsinspirasjon – cherry blossom

Kirsebærblomstring er så himla fint! Den som kunne rusle rundt i en japansk park en vakker vårdag, eller hatt piknik under sitt eige tre.. Kanskje magnoliaen eg skrytte av i forrige innlegg skal få selskap av et kirsebærtre i løpet av våren? (Oh yes, eg er i hagemodus!) Vel, eg får nøye meg med inspirasjonsbilder frå Pinterest så lenge :)

cherry blossom picnic

via

Cherry blossoms in blue vases

via

Doves & Cherry Blossoms

via


Magnolia

Eg planta magnoliatre i hagen i fjor, og jaggu har det overlevd vinteren! Halleluja! Det har til og med vokst, så no kryssar eg fingrane for at det kjem blomster snart :) Juksemagnoliaen er for lengst på plass i loftstova. Har leita i arkivet igjen og deler bilder eg tok i begynnelsen av mars:

 


The music in me

Eg spelar fele, har gjort det sia eg var seks år. Har musikken i blodet. Spelar dessverre ikkje så ofte lenger, så no høyrer eg nydelige tonar på Spotify og kjenner musikken våkne til liv i meg :) Bildet er et sjølportrett eg tok for tre år sia. Vanligvis er eg lite fornøgd med så gamle bilder, men dette er eg veldig glad i :)


Instapåske

Har pakka vekk tidenes beste påske og inntatt horisontal positur på sofaen :) Vi har berre vore heime og det var rett og slett herlig. Ingen kø på oss, verken på veien eller i løypa. Vi har gått på ski, ete alt for mykje snop, festa litt og kosa oss i sola med fine folk. Eg er kjempefornøgd med påskeferien! Innertier både på innhold og solforhold :) Kjapp oppsummering frå Instagram får du her: