Archive for september, 2013

Haust i fjæra

Vi har flott haustveir og det er nydelig over alt, også i fjæra. Blåfargane er aldri så blå og klare som på denne tid. Her er fortsettelsen frå i går; detaljbilder frå svaberga og naustet vårt. Plassen og fargane er ei utømmelig inspirasjonskilde :) Lucky me!


Canon EOS 7D + Canon EFS 60mm f/2.8 Macro USM

Advertisements

A life with a view

Vidløftig, men reell tittel. Eg blir stadig lamslått av kor vakkert det er rundt meg, sjølv om eg har budd slik i tjueåtte minus fem år. Dette ser eg kvar dag, men utsikta er sjelden så nydelig som i dag.

Canon EOS 7D + Canon EF-S 15-85mm f/3.5-5.6 IS USM


DIY – pute og bag med print

Kom over nokre nydelige dyreprints på Etsy en kveld, og ideen til tekstiltrykk kom umiddelbart. Eg hadde både strykepapir, tote bag og linputetrekk (det var riktig nok beige, men ei natt i klorvatn gjorde susen for kvitfargen), så dette var en billig og kjapp diy. Betalte 24 kr for to prints. Eg likar sauer, så valget falt på en fin veir (sauebukk altså) og et kreatur eg trur er ei antilope :)

Print (husk å speilvende først), klipp ut motivet og stryk på – voila, nye fine ting i en fei! Bagen er frå Søstrene Grene og kosta 35 kr.


Indian summer

Vi har hatt skikkelig indian summer denne veka. Sol og temperaturar opp mot 20 grader. Dette i kombinasjon med septemberkveldslys, kvite små strender og fine Ida – aiaiai seier eg berre. Fantastisk :) 

Canon EOS 7D + Canon EF 50mm F1.8 II


Waiting for her sailor

Canon EOS 7D + Canon EF 50mm F1.8 II

Har hatt en nydelig søndag i havgapet :) Bildet viser søstra mi som ser utover havet – kjæresten er styrmann på en båt langt vest på det store blå. More photos to come!


Leather love

Ah, endelig fredag igjen! Har foreviga septemberfavorittane mine i dag; samlinga av boots og vesker i brunt skinn. Perfekt match til haustfargane :) Ha ei fin helg!

Clutchen har eg arva av oldemora mi. En liten skatt! / Heilfora saueskinnsboots – herlige haust- og vintersko.


1. september

Kalenderen viser september og haust. Mi favorittårstid. Det er merkbart kjøligare enn i går, og det er rett før snøen kjem på toppane. Eg kjenner at pulsen synk i takt med kortare dagar. Sommaren er travel, uforutsigbar, ofte ikkje heilt som man forestilte seg. Hausten er betre. Eg er innstilt på regn og ruskeveir, kulde, mørke. Eg gler meg til å sjå stjernehimmelen igjen, til å puste kald morgenluft og til å la meg fascinere av fargane, frosten og naturkreftene. Eg gler meg til å gå med sjerf og varme boots. Til å gå i stallen før jobb og bli møtt med humring og forventningsfulle, kloke auger. Til å strikke tjukkelester til små føter. Lista er lang. Jepp, hausten er sanneleg mi tid :)  

Sommaren var slett ikkje verst den heller altså :) Her er en instacollage med favorittøyeblikk og fine minner: