Archive for mars, 2014

Sommartid

Klokka er stilt ein time nærmare sommaren. Ein time nærmare lange, lyse dagar og varme solstrålar. Det er nok ikkje så stor forandring sånn over natta, men eg merkar forskjell likevel. Livet spirer og sparkar i meg og eg blir tyngre i kroppen men lettare til sinns. Det er sikkert noko med ordet. Sommartid. Det ligg jo unektelig mykje fint i det :) Har aldri vore den som lengtar etter sommar heile året. Eg likar alle årstidene og drittveir (i moderate mengder) har aldri plaga meg. Likevel er det spesielt når våren kjem for fullt og lyset sakte men sikkert tar over etter månader med mørke og kulde. Kanskje lar eg meg påvirke meir av mørketida enn eg trur. Det føles i alle fall veldig bra at det er sommartid, soltid og utetid :)

Bildet er tatt i fjæra hos oss, og det gir meg den ultimate vår- og sommarfølelsen – blå, glitrande fjord og varme svaberg. Bading, latter. Mysande solbrillefjes i naustveggen. Velkommen skal du vere, sommartid.

Reklamer

Instamoments

Eg har brukt Instagram i tre år. Kjekk og kjapp tjeneste for meg og formidlingsbehovet mitt :) Eg er ikkje blant dei ivrigaste men eit og anna øyeblikk blir delt med ein liten følgerskare. Eg syns spontane kvardagsbilder har mykje større verdi enn arrangerte, oppstilte bilder. Kameraet er dessverre sjelden med, så dei fleste kvardagsminnene blir fanga med mobilen. Her er ni vårfavorittar.


Vår i vinduskarmen

Vinteren må gang på gang vike for den viljesterke våren her ved Nordfjorden. Snøen som kom i løpet av natta og formiddagen er allereie vekk – ettermiddagssola tok knekken på dei siste standhaftige fnugg. Fint for meg og fint for karsen i kjøkkenvinduet :) Eg har ikkje sådd karse på omtrent tjue år, så lukta og smaken sendte meg rett tilbake til barndommen og minner om sirlig utklipte melkekartongar med våt bomull og spirande frø. Herlig nostalgi.. :)


Soverom

Det blei ikkje så mykje av alt regnet som var meldt i dag – vi fikk solglimt og herleg lys i staden! Deilig å sette alle vindu på vidt gap og la vinden blåse sjøluft og vårlukt gjennom huset. Vi har minimalt med innsyn, så gardiner eksisterer omtrent ikkje. Det gjeld å få inn mest mulig lys og soverommet er intet unntak. Her har vi kun tynne liftgardiner for stemninga si skuld. Veggfargen er sval, og akkompagnert av kvite sengkle og sjølplukka vårkvistar – tja, her er det fint å vere! Eg sleng meg på NIB si marsutfordring med desse bildene:

Lampesokkelen og vasen (les dressingflaska) har fått ei runde med kromfarga lakk. Puta er heimelaga av et print eg fann på Etsy. Digga speedometer-look-a-like-klokka mi :)


Bryllupsmodus

Eg er i bryllupsmodus og gler meg til sommarens fotograferingar :) Har scrolla igjennom hundrevis av vakre bilder på Pinterest og inspirasjonslista blir stadig lenger. Lærte utrulig mykje av fjorårets bryllup, så eg føler meg hakket meir forberedt no. I tillegg har eg meir å stille opp med på utstyrsfronten og det hjelper også litt på sjølvtilliten. Det er jo uansett skitskummelt å vere den som skal forevige ein så viktig dag. I andre anledningar kan man alltids prøve igjen viss det går skeis, men i bryllup er det all or nothing. Skremmande tanke! Vel, eg har mange idear som kan bli veldig bra. Det gjenstår berre å sjå om bildene blir som eg ser for meg ;) Her er to favorittar frå i fjor i den lyse, naturlige stilen eg prøvar å peile meg inn på.

Canon EOS 7D + Canon EF 50mm F1.8 II