Archive for mai, 2014

Helgefint på badet

Nyplukka syrinkvistar pyntar opp på badet i anledning fredag og fine maidagar. Smells good, looks good. God helg :)


Forglemmegei

Jah, det blei visst ei veldig lang pause her. Kombinasjonen av inspirasjonsdvale og for få timar i døgnet har resultert i stillstand på bloggfronten. Ut av intet tok sydilla overhand, og eg har brukt ledige stunder til å sy bittesmå kle til lille som kan komme når som helst. Det meste er klart til familiemedlem nr. fire, så no nyt eg ventetida og har plutselig god tid og rikelig inspirasjon. Eg fann forglemmegei på garden i dag – desse vakre små med den nydeligaste blåfarge. Fram med kamera og voila; back in foto- og bloggbusiness :) 

 Canon EOS 7D + Canon EFS 60mm f/2.8 Macro USM