Archive for august, 2014

#flashtat

Eg har fått heilt dilla på flash tattoos – superfin og praktisk bling som ikkje heng seg fast i ting eller forsvinn på mystisk vis. Ikkje kostar dei skjorta heller, og det er jo også en fordel for ei som aldri brukar ei krone på gull og glitter. Eg er nyfrelst jålegeit!


Vakre Ida-gravida

Søstra mi var forlover i bryllupet eg fotograferte i går, og eg benytta anledninga til å knipse nokre få bilder av ho med den flotte babymagen. Er ho ikkje nydelig? :)


Gult er kult

Gult er kult på ei lita storesøster som elskar å «ploppe tein» i fjæra :)


The most relaxing place on earth

Den amerikanske nettavisa Huffington Post har nylig kåra verdens mest avslappande plassar. Min heim, Nordfjord, Norway havna på førsteplass og danka ut både stillehavsparadis og søramerikanske perler. Lørdag morgen var eg ute og rodde færingen i lag med mamma og søstrene mine, og det var definitivt avslappande og fredelig å sjå fjella speile seg i fjorden og kun høyre lyden av årene som traff vatnet.

Her kan du lese artikkelen og sjå heile lista.


K + K #2

Deler fleire bilder frå Kariann og Kjartan sitt junibryllup. Ladar opp til morgendagens oppdrag med nokre favorittar i svart/kvitt. Bryllupsfotografering har gitt skikkelig meirsmak :)