Archive for september, 2014

Instamoments

September er over for i år, og den har vore fin! Oppsummerer med ni instamoments :)


Homemade

Plommeavlinga vår slo fullstendig feil i år, men besteforeldrene til Bjørn kom på døra med ei bøtte slik at eg fikk kokt i hop nokre glass plommesylte med krydder. Etter at jentene kom til verden har eg blitt enda meir opptatt av rein, skikkelig mat og vi lagar mykje sjølv. Smaken overgår alt frå butikken, og vi veit kva vi puttar i oss. Kjekt er det også! :)

Det skal ikkje berre smake godt – likar at det ser fint ut også ;) Eg laga egne etikettar i Photoshop, printa ut på etikettpapir (kjøpt på eBay) og klistra på glass og lokk.


Mitt ytterpunkt

En av dei vakraste plassane eg veit om blei besøkt på fredag. Havet var stille og utsikta slåande som alltid. Då vi kom heim hadde toåringen «lyst meir på fælle» (altså fjellet), og eg er takknemlig for at eg kan gjere slikt i lag med familien min og at turgleda tydeligvis/forhåpentligvis går i arv.


DIY – bordkort

Vi feira dåpsdagen til lillesøster på søndag, og bordet blei dekka med det septembernaturen har å by på. Eg laga bordkort av lønneblad som eg spraya med sølvmaling. Skreiv på navn med sprittusj og festa dei til glassa med små, kvite klesklyper. En rødkløver (som faktisk er rosa) pynta opp kvar kuvert. Synes det er fint å ta naturen inn på denne måten og bruke av det som fins rett utanfor døra. Likar at det ser litt nedpå og ujålete ut. Det enkle er ofte det beste :)


K ♥ J

Her kjem fleire bilder frå augustbryllupet til Kathrine og Jon. Vakre både inni og utanpå :)


Fredagsfjelltur

Eg har vore på fjellet i kveld og lufta vettet litt etter ei travel veke. Å gå på fjellet aleine er rein terapi for meg. Det er sjelden disig på desse kantar, men i kveld såg eg berre siluettane av fjella i nyansar av blått, grønt og grått. Blei snytt for havutsikta, men dette synet var jo heilt magisk! Så stille og trolsk – den einaste lyden var vinden som bles forsiktig mellom toppane (og mi eiga pusting og pesing då..) Fjellufta gjorde susen for kropp og sinn denne gangen også, så no er eg 100% opplada og klar til dåpshelg :)


The big day

Deler bilder av vakre Kathrine som gjer seg klar til sin store dag. Ho gifta seg i begynnelsen av august, og eg og kamera var fluge på veggen. Dei nygifte har godkjent bildene med god margin og eg har fått tommel opp til å vise nokre av dei her :)

Ready, set, go :)