Bad

Helgefint på badet

Nyplukka syrinkvistar pyntar opp på badet i anledning fredag og fine maidagar. Smells good, looks good. God helg :)

Advertisements

Bathroom break

Bambusmøblar, kentiapalme og vårkvistar i gamle medisinflasker – litt varme til det kalde vestland. Badet i første etasje blei ferdig i sommar, så no syns eg det er dags å vise bilder. Det var litt utfordrande å planlegge innredninga i det lange og smale rommet, men løysinga blei jo slett ikkje verst. Golvflisane frå Newood skulle eg gjerne hatt i alle rom! Produsenten har mange flotte nyansar i naturtro treimitasjon, men valget falt på desse beige. Dusjsona i eine enden er godt atskilt frå resten av badet slik at vi kunne droppe dusjvegg og likevel unngå vatn utover heile golvet. Badet er ferdigstilt på budsjett, og det går fint an å få det fjongt uten at det kostar skjorta. Servanten for eksempel, m/underskap + speil + høgskap (plassert på vaskerommet) kosta totalt 4795 kroner. Benk + knaggrekke kjøpt på Living-salg til 199 + 99 kroner. Ikea-hylle kr. 79. You do the math. Over og ut og god helg til kvar og en :)


Badet

Flisane til nyebadet er bestilt, så vi får det klart til sommaren :) Som eg gler meg til å få det i orden! På tide å få huset heilt ferdig. Deler et par bilder av badet vårt i 2. etasje før eg tar kveld :)


Blått er flott på badet

På tide å få våren inn på badet også. Blått er favorittfargen min – rein, frisk og kjølig, så den er ekstra fin til dei kvite flatene på badet. Slett ikkje mykje som skal til for å piffe opp litt :)

Seljekvistar i krukker frå HM og den lokale blomsterbutikken. Hylla er heimelaga av ei gammal fjøl eg fant på låven. Enåtti lang og hengt frå taket for å spare flisane for skruing. Har bleier og stellesaker i den eine enden og fine ting i den andre :)
Blåskjell er vel fint på toan, eller hur? 

Oppdatering 12. mars -13

Mange kjenner til bøkene Sanselig sommer og Sanselig jul som er laga av Franciska bak bloggen Franciskas vakre verden. Ho jobbar som interiørfotograf og er i gang med et nytt bokprosjekt; Sanselige rom. Eg har fått invitasjon frå Franciska til å vere med å konkurrere om fine premiar og bilder på trykk i boka. Veldig kjekt, og selfølgelig vil eg vere med! Interessert i å delta? Les meir her:


Bathroom inspiration

Badet i første etasje er det einaste rommet i huset som står uferdig. Det fungerer som roterom og lager, og det er en kjempejobb berre å rydde der! Planen er å få det ferdig i løpet av året, og vi (les eg) er i full gang med planlegging. Vi (ja, eg i alle fall) vil ha ei lun stemning med detaljar i tre. Utgangspunktet vårt er treramme på speilet og golvflisar i treimitasjon frå Newood. Dei er så fine! Ellers er ingenting bestemt, så eg kosar meg  med inspirasjonsbilder frå Pinterest og gler meg til å komme i gang :)

modern tub / wood bathroomFinfint med tregolv på badet :) Bilde via Pinterest.

Tine K´s bathroom

Trebenk må vi ha! Bilde frå Tine K Home via Pinterest.