Barn

Takknemlig

Lillesøster er seks månader i dag og et halvår har aldri gått så fort! Det er hektisk med to tette, men fy søren så mykje glede dei gir oss og kvarandre. Eg føler meg som verdens heldigaste. Føler meg forresten ganske trøtt også, men mest heldig. Og uendelig takknemlig.

Advertisements

K ♥ T

Denne veka leverte eg bryllupsbildene til sommarens siste par framfor kameraet mitt. Kariann og Tommy gifta seg 29. august, og ville ha en enkel photoshoot i lag med dei skjønne jentene sine. Her er fire favorittar :)

Diggar denne alléen – fin som fy og det er alltid bra lys der.


K ♥ J

Her kjem fleire bilder frå augustbryllupet til Kathrine og Jon. Vakre både inni og utanpå :)


Gult er kult

Gult er kult på ei lita storesøster som elskar å «ploppe tein» i fjæra :)


Sommar for en toåring

Å vere nesten to år og nettopp ha akseptert at eg samlar dei få, blonde fjona i strikk ♥ Varmen er fortsatt intens, og ho vil bade. Heile tida, i fjorden, i plaskebassenget, i klesstampen, i havet. «Bade meir?» spør ho, og igjen tar vi handkleet frå tørkesnora og finn kaldt, deilig vatn. «En, to, teee», et gledeshyl, og så er vi uti. For en sommar for ei lita (og ei stor) jente!


Sommarminner

Er heime med ei sovande, sjuk jente i dag, og benytter sjansen til å legge beina høgt og sortere bilder av ho. Dette bildet frå en augustdag på stranda måtte eg berre legge ut :) Love it!


Strandliv

Endelig klar og blå himmel igjen, og i ettermiddag tok vi (fire generasjonar jenter) årets første tur på stranda. Nydelig i havgapet i dag – iskaldt, men vinterblått og lite vind. Bølgebrus i øyrene og havluft i lungene; yes please! Her skal vi vere masse framover :)

Canon EOS 7D + Sigma 35mm F1.4 A DG HSM