Barnerom

Heimesydd sengehimmel

Eg har sydd sengehimmel/kosetelt til storesøster. Har ønska meg Mokkasin/Numero 74 sin fine sengehimmel lenge, men ikkje berre er den «slut på lager», den er også dritdyr. Tenkte at det ikkje kunne vere så vanskelig å sy en liknande sjølv, så eg kjøpte to laken og sette i gong. Pappa hadde tjukk stålstreng og laga en ring med diameter 40 cm til meg. Kreasjonen har en skjønnhetsfeil eller tre, men til å vere heimesydd til under 200-lappen er eg fornøgd. Det er ho som fikk den også :)

Måtte ha litt rosa inni der, så eg sydde ei sukkersøt pute også.

Reklamer

DIY – uro ala haust

Så var den her igjen, hausten, og det er dags for å la kreativiteten få utløp. Skaperlysta er stor og prosjekta står i kø. Først ut var denne uroen av lauv, lerkekonglar og eikenøtter som eg har spraya med sølv- og kobbermaling. Ringen har eg tvinna av ei tynn grein. Hengte opp alt med sytråd, og vips; fin haustpynt for både mor og barn ;)


Inspirasjon: barnerom

I dag begynner eg på prosjekt barnerom. Må male og få på plass møblar før vesla kan flytte inn. Tok ei runde innom Pinterest for å trigge inspirasjonen, så no er eg spenn klar til å sette i gang :) 

Inspo-barnerom bilde 1 bilde 2 bilde 3 bilde 4