Dyr

Fining

En av våre fire fine firbeinte :) Hestane kosar seg ute i snøen og eg jublar for lyse, gode fotoforhold.Testar blogging frå mobilen for første gong i dag. Nettet vårt er nede etter et heftig lynnedslag på fredag. Strømforsyninga til modemet eksploderte og støpselet er svartsvidd. Snakk om pangstart på nyåret!


I got a horse for Christmas!

Jepp, tidenes finaste julepresang vrinskar og har fire bein. Det flotte fjordhesteksemplaret til høgre i bildet kjøpte Bjørn og eg til kvarandre til jul. (Svigerfar spytta også i og er medeigar.) Ho har funne seg godt til rette her hos oss og er blitt bestevenn med minstemann i flokken. Som dei har leika i snøen desse dagane! Kjekt å sjå for store og små :)


Ny i verden

I går såg denne skjønningen dagens lys. Han er det første av sommarens to føll her på garden. Tillitsfull og sjarmerande liten kar! Artig å sjå på når han testa dei lange beina og hoppa og dansa i sola – så livsglad! Gler meg til nestemann kjem om nokre veker :)



Goats

Gikk igjennom arkivet i går og kom over dette bildet av en forblåst og fornøgd geiteflokk på Kvalheimsfjellet. Bildet tok eg i september i fjor. I like it! 


Diesel

Her i Nordfjord kom sommaren i dag! 27 grader og strålande sol :) Hestane går ute på heiltid og i ettermiddag var eg på besøk til Diesel. Han blir to år om nokre dagar og er en fantastisk god liten hest! Idyllisk i beitet i dag med nyutsprungne blad og skogstjerner og kvitveis over alt. Ja takk til fleire slike dagar :) 


Livet på landet

Geitene har funnet seg godt til rette hos oss, og i går fikk dei komme ut og lufte seg litt finveiret. Killingane spratt og sprang rundt og kosa seg tydeligvis i sola. Det er ikkje berre vi som er glade for at våren er her :) Dei fikk hilse på hingsten og det gikk så bra at heile gjengen fikk herje i lag ei stund. Kjekt å bu på gard :)


Anton og Alfred

Vi har fått oss geiter! En stor og to små; Alma, Anton og Alfred :) Herlige kosedyr, dei er så nyskjerrige og tillitsfulle. Håper dei får det fint her :)

Anton-og-Alfred Anton-og-Alfred-ll