Fjell

Nordic

Fjæra her eg bur er en av dei mest inspirerande plassane eg veit om, uansett årstid. No om vinteren er det duse blå og grå nyansar som dominerer, og det er både vakkert og avstressande. Er så glad i desse særegne nordiske fargane! Meir eksotisk enn palmar og strender, spør du meg :)

Telelinse = nærbilde av en fjelltopp på andre sida av fjorden Detaljbilde av en gammal naustbjelke

Reklamer

Oktober

Hausten er den beste årstida, og oktober måned er den flottaste av alle tolv. Lufta er aldri så frisk og himmelen aldri så blå. Kontrastane er så store. Denne veka har vore heilt fantastisk med strålande sol, nattefrost, nordlys, spektakulær stjernehimmel.. ja, eg blir heilt høg på haustluft og fin natur. Lillesøster og eg har vore på fjellet kvar dag. Onsdag morgen låg skodda tjukk innover fjorden, og vi satt på en liten topp og såg ned på skoddehavet. Rett og slett vakkert.


Mitt ytterpunkt

En av dei vakraste plassane eg veit om blei besøkt på fredag. Havet var stille og utsikta slåande som alltid. Då vi kom heim hadde toåringen «lyst meir på fælle» (altså fjellet), og eg er takknemlig for at eg kan gjere slikt i lag med familien min og at turgleda tydeligvis/forhåpentligvis går i arv.


Fredagsfjelltur

Eg har vore på fjellet i kveld og lufta vettet litt etter ei travel veke. Å gå på fjellet aleine er rein terapi for meg. Det er sjelden disig på desse kantar, men i kveld såg eg berre siluettane av fjella i nyansar av blått, grønt og grått. Blei snytt for havutsikta, men dette synet var jo heilt magisk! Så stille og trolsk – den einaste lyden var vinden som bles forsiktig mellom toppane (og mi eiga pusting og pesing då..) Fjellufta gjorde susen for kropp og sinn denne gangen også, så no er eg 100% opplada og klar til dåpshelg :)


The most relaxing place on earth

Den amerikanske nettavisa Huffington Post har nylig kåra verdens mest avslappande plassar. Min heim, Nordfjord, Norway havna på førsteplass og danka ut både stillehavsparadis og søramerikanske perler. Lørdag morgen var eg ute og rodde færingen i lag med mamma og søstrene mine, og det var definitivt avslappande og fredelig å sjå fjella speile seg i fjorden og kun høyre lyden av årene som traff vatnet.

Her kan du lese artikkelen og sjå heile lista.


Godt nytt år!

1. januar. Den første dagen i den første månaden i et heilt nytt år. Det ligg så mykje forventning og spenning i denne datoen. Kva vil livet bringe i året som kjem? Januar er en vakker månad. Eg ser alle ord og stemningar i fargar, og januar er kvit. Kvit som i frisk og ny. Kvit som i snø og sart vinterlys. Kvit som i optimistisk. Sola kjem tilbake om tjue dagar og dagslyset er allereie på retur :)

2013 har vore et flott år for meg og den lille familien min. Ikkje fordi det har skjedd nevneverdig store ting, eller fordi eg har vore på spennande reiser eller snudd opp ned på tilværelsen på noko vis. Vi har hatt så mange små gleder som til sammen gjorde fjoråret til vårt aller beste. Måtte 2014 by på like mykje latter, lykke og gode stunder. I år som i fjor har eg ingen nyttårsforsett, men ei lang liste over mål eg vil oppnå og ting eg vil gjennomføre. Eg gler meg til nytt år og nye muligheter! :)

Bildet er tatt en januardag i lufta mellom aust- og vestlandet.

Tusen takk til alle som har fulgt meg og lagt igjen fine ord i året som gikk. Foto- og formidlingsbehovet blir større og større, og dokke gjer det så kjekt å holde på med dette. Kreativiteten og bloggelysta veks for kvar kommentar og tilbakemelding. Eg ønsker alle et riktig godt nytt år :)


A life with a view

Vidløftig, men reell tittel. Eg blir stadig lamslått av kor vakkert det er rundt meg, sjølv om eg har budd slik i tjueåtte minus fem år. Dette ser eg kvar dag, men utsikta er sjelden så nydelig som i dag.

Canon EOS 7D + Canon EF-S 15-85mm f/3.5-5.6 IS USM