Hest

Fining

En av våre fire fine firbeinte :) Hestane kosar seg ute i snøen og eg jublar for lyse, gode fotoforhold.Testar blogging frå mobilen for første gong i dag. Nettet vårt er nede etter et heftig lynnedslag på fredag. Strømforsyninga til modemet eksploderte og støpselet er svartsvidd. Snakk om pangstart på nyåret!

Advertisements

I got a horse for Christmas!

Jepp, tidenes finaste julepresang vrinskar og har fire bein. Det flotte fjordhesteksemplaret til høgre i bildet kjøpte Bjørn og eg til kvarandre til jul. (Svigerfar spytta også i og er medeigar.) Ho har funne seg godt til rette her hos oss og er blitt bestevenn med minstemann i flokken. Som dei har leika i snøen desse dagane! Kjekt å sjå for store og små :)


Ny i verden

I går såg denne skjønningen dagens lys. Han er det første av sommarens to føll her på garden. Tillitsfull og sjarmerande liten kar! Artig å sjå på når han testa dei lange beina og hoppa og dansa i sola – så livsglad! Gler meg til nestemann kjem om nokre veker :)



Diesel

Her i Nordfjord kom sommaren i dag! 27 grader og strålande sol :) Hestane går ute på heiltid og i ettermiddag var eg på besøk til Diesel. Han blir to år om nokre dagar og er en fantastisk god liten hest! Idyllisk i beitet i dag med nyutsprungne blad og skogstjerner og kvitveis over alt. Ja takk til fleire slike dagar :) 


Livet på landet

Geitene har funnet seg godt til rette hos oss, og i går fikk dei komme ut og lufte seg litt finveiret. Killingane spratt og sprang rundt og kosa seg tydeligvis i sola. Det er ikkje berre vi som er glade for at våren er her :) Dei fikk hilse på hingsten og det gikk så bra at heile gjengen fikk herje i lag ei stund. Kjekt å bu på gard :)


Hest er best

Med tanke på kor mykje tid vi brukar på hestane våre så er det ikkje rare oppmerksomheten dei har fått her. I går tok eg bilder mens dei herja og sprang i snøen. Hingsten på to år fikk leike litt i lag med hoppene før vi delte dei igjen. Som dei kosa seg! Kjekt å sjå kor glade og øsne dei er. Dei trengte treninga, er ikkje akkurat underernærte for tida ;) Så snille og gode alle tre!


Dyreliv

Et lite glimt av dyrelivet her på garden :)

1. B og Aislinn in action (han har ikkje pisk, det ser berre  slik ut). Dei er perlevenner og den hesten gjer ka som helst så lenge B har kommandoen. Andre folk bryr ho seg fint lite om ;)

2. Nyskjerrig kvige. Veldig fornøgd med å få vere ute i sola.

Lille Diesel på ett år koser seg i skyggen under bjørketreet.

Naboen sine skjønne lam. Han skal flytte til Bergen for ei periode, så til hausten blir dei kanskje våre :)