Instagram

Instamoments

September er over for i år, og den har vore fin! Oppsummerer med ni instamoments :)


#flashtat

Eg har fått heilt dilla på flash tattoos – superfin og praktisk bling som ikkje heng seg fast i ting eller forsvinn på mystisk vis. Ikkje kostar dei skjorta heller, og det er jo også en fordel for ei som aldri brukar ei krone på gull og glitter. Eg er nyfrelst jålegeit!


Sommarglimt

Det er strålande sommarveir her i Nordfjord og heile familien nyt ferie og permisjon. Så langt har sommaren vore nydelig, og vi er berre i begynnelsen av juli. Om det skal fortsette slik har vi mange fine dagar i vente. PC’en står i et hjørne og samlar støv for tida. Eg ser heller på søte babysmil og en sommarglad toåring enn å glo på skjermen. Eg har mykje på hjertet (eller minnekortet), men det kjem når det kjem. No held det i massevis å dele nokre glimt på Instagram i ny og ne. God sommar til deg :)lille E er to veker og vi tok en snartur på stranda/ stas å få servert is i sandkassa/ sesongens første bad/ en liten pust i bakken for små, slitne bein/ eg har hatt bursdag og fikk sjølplukka peonar av Bjørn/ nydelig kveld på fjorden, berre vi to/ minifjelltur med flotte gravide Ida/ meir strandliv/ epleblomstring i hagen


Instamoments

Eg har brukt Instagram i tre år. Kjekk og kjapp tjeneste for meg og formidlingsbehovet mitt :) Eg er ikkje blant dei ivrigaste men eit og anna øyeblikk blir delt med ein liten følgerskare. Eg syns spontane kvardagsbilder har mykje større verdi enn arrangerte, oppstilte bilder. Kameraet er dessverre sjelden med, så dei fleste kvardagsminnene blir fanga med mobilen. Her er ni vårfavorittar.


Happy Valentine’s

Lenge var eg litt i mot denne valentinsdaggreia, men i det siste har eg sett meir og meir pris på denne datoen. Kjærlighetens dag. Vi feirer kjærlighet for sjelden i våre travle, vestlege liv, så viss det må ein eigen dag til for å spread a litte love så skal eg jaggu meg vere med på bølga av kyss&klem, fine ord og hjerter i blikk og sinn. For min del betyr det langhelg og bytur med mine to store forelskingar i livet (ok, den eine er ganske liten i størrelsen enda, men aiaiai for ein plass ho tar i hjertet!). At vi reiser vekk denne helga er tilfeldig, men det passar jo ekstra godt med familietur på alle hjerters dag :) Håpar alle får ein fin fredag, valentinsdagfeiring eller ei ♥

Fire hjertelige instamoments


1. september

Kalenderen viser september og haust. Mi favorittårstid. Det er merkbart kjøligare enn i går, og det er rett før snøen kjem på toppane. Eg kjenner at pulsen synk i takt med kortare dagar. Sommaren er travel, uforutsigbar, ofte ikkje heilt som man forestilte seg. Hausten er betre. Eg er innstilt på regn og ruskeveir, kulde, mørke. Eg gler meg til å sjå stjernehimmelen igjen, til å puste kald morgenluft og til å la meg fascinere av fargane, frosten og naturkreftene. Eg gler meg til å gå med sjerf og varme boots. Til å gå i stallen før jobb og bli møtt med humring og forventningsfulle, kloke auger. Til å strikke tjukkelester til små føter. Lista er lang. Jepp, hausten er sanneleg mi tid :)  

Sommaren var slett ikkje verst den heller altså :) Her er en instacollage med favorittøyeblikk og fine minner:

 


Instapåske

Har pakka vekk tidenes beste påske og inntatt horisontal positur på sofaen :) Vi har berre vore heime og det var rett og slett herlig. Ingen kø på oss, verken på veien eller i løypa. Vi har gått på ski, ete alt for mykje snop, festa litt og kosa oss i sola med fine folk. Eg er kjempefornøgd med påskeferien! Innertier både på innhold og solforhold :) Kjapp oppsummering frå Instagram får du her: