Kjøkken

Spring has sprung

Det er heilt ny sesong sidan forrige oppdatering. Det lysnar endelig, både bokstavelig og billedlig :) Det er ein ny vår, og i lag med vårsola kjem også inspirasjon og overskudd til å fotografere og skape meir. For skape må eg, kvar dag. Det treng ikkje å vere rare greiene, men noko kreativt må eg utrette. Sy litt, tegne litt, strikke litt, knipse litt, bygge litt, flytte om på ting eller i det minste planlegge nye prosjekt. Eg har gjort mykje av sistnevnte. På tide å gje liv til ideane.

Har tatt inn plommegreiner frå hagen og dei blomstrar så fint i vinduskarmen.

Advertisements

Forandring fryder

Eg har ommøblert litt på kjøkkenet og laga plass til en etterlengta kosekrok. I går kveld satt eg der med tekopp og tente lys mens stormen ulte og regnet piska på ruta. Fin forandring som fryder fruen :)


It’s beginning to look alot like..

Det er ei veke igjen til advent og førjulstid, men eg har vore i julemodus i vekesvis allereie. Eg, som alltid har fått åndenød av at jula begynner så tidlig i butikkane – i år kom eg dei til og med i forkjøpet! Planlegginga har pågått lenge og dei fleste julegavene er i boks. Forstå det den som kan. Eg har ikkje pynta til jul altså. Eller, har eg det? Bjellestjerna og einekvisten er jo temmelig julete, og snopekrukka er ikkje heilt fri for juleassosiasjonar den heller.. Skitt au, kjøkkenhyllene er visst førjulspynta. Meir enn dette blir det ikkje på lenge. Adventsstakar- og stjerner skal fram neste helg og det får holde i massevis til langt ut i desember :)


Homemade

Plommeavlinga vår slo fullstendig feil i år, men besteforeldrene til Bjørn kom på døra med ei bøtte slik at eg fikk kokt i hop nokre glass plommesylte med krydder. Etter at jentene kom til verden har eg blitt enda meir opptatt av rein, skikkelig mat og vi lagar mykje sjølv. Smaken overgår alt frå butikken, og vi veit kva vi puttar i oss. Kjekt er det også! :)

Det skal ikkje berre smake godt – likar at det ser fint ut også ;) Eg laga egne etikettar i Photoshop, printa ut på etikettpapir (kjøpt på eBay) og klistra på glass og lokk.


Vår i vinduskarmen

Vinteren må gang på gang vike for den viljesterke våren her ved Nordfjorden. Snøen som kom i løpet av natta og formiddagen er allereie vekk – ettermiddagssola tok knekken på dei siste standhaftige fnugg. Fint for meg og fint for karsen i kjøkkenvinduet :) Eg har ikkje sådd karse på omtrent tjue år, så lukta og smaken sendte meg rett tilbake til barndommen og minner om sirlig utklipte melkekartongar med våt bomull og spirande frø. Herlig nostalgi.. :)


Januarkjøkken

Så fort vi skriv januar og nytt år får eg akutt behov for å fornye litt i heimen. Det er så befriande å hive ut jula og gjere plass til meir lys og vinterlige og vårlige innslag. Kvite tulipanar for eksempel, det er et must i desse tider! Her er nokre kjøkkendetaljar frå denne første helga i totusenogfjorten.

Nyttige favorittar på utstilling Eikenøtta vi planta i haust spirer som berre det. Minitreet står i vinduskarmen og minner oss om at våren ikkje er så langt unna :)

Dette er mitt bidrag til NIBs utfordring Blanke ark på kjøkkenet.


Bruktduellen

Slenger meg på NIB si maiutfordring i siste liten. Tema er bruktfunn, og det har vi jo rikelig av! Er ikkje spesielt glad i loppis, og eg har fortsatt til gode å kjøpe interiør på finn.no. Våre brukte møblar og ting har vi fått av besteforeldre og oldeforeldre, eller eg har funne dei rundt om på garden. Møblane og gjenstandane har stor verdi for oss sia mesteparten er handlaga av gamle familiemedlemmer vi aldri har møtt. Vanskelig å velge kva eg skal vise, men her er to favorittar: 

Kjøkkenbordet har tippoldefaren min laga, muligens tipptipp! 

Dette nydelige trauet fikk vi av bestefaren til B (i lag med ei 200 år gammal vogge!)