Kontor

DIY work desk

Arbeidsbordet har fått nytt liv som kjøkkenbord. Det var litt for stort og massivt til arbeidsbord, men passa midt i blinken på kjøkkenet. Var ikkje særlig innstilt på å bruke tusenvis av kroner på nytt kontorbord, så eg kjøpte ei ubehandla benkeplate på Coop Bygg (200 x 62 cm, 600 kr.) og malte den kvit. Eg saga ned det første og beste bjørketreet eg fann på garden og brukte litt av stammen til bordbein. Resten av plata er skrua fast i lister langs veggen. Billig og enkel kontorinnredning! :)

Krakken er kun for syns skuld altså, for den store kontorstolen er gyselig og lite fotogen. Supergod, men akk så stygg. Anyway, eg sit ikkje å vaglar på en krakk framfor pc’en. Her er det komfort som gjeld :)
Kalenderen på veggen er flinke SMÄM sitt verk. Last den ned her.
Det er vår på inspirasjonstavla og i vasen på bordet. Tommel opp for småfuglar, nytt liv og kirsebær- og magnoliablomstring! Snart kan eg sitte her og nyte synet av fruktblomstring i hagen. Yeah!

Advertisements

Coffee table books

Eg har en forkjærlighet for store, tjukke fotobøker. Særlig bøkene frå National Geographic og Lonely Planet, og nydelige «The Natural Home» av Hans Blomquist. Det fins utrulig mange fine bøker out there – løp og kjøp! Bra gavetips forresten. Eg hadde i alle fall blitt hoppande glad for fleire slike :)

Favorites. Juniblomster, fine bøker og treelefanten min frå Malaysia.


Takknemlig

Eg har hundrevis av grunnar til å vere takknemlig. Er flink til å sette pris på det eg har i staden for å fokusere på alt eg skulle hatt, sjøl om ønskelistene er milelange. Det er jo stort sett berre ting. Søndagssysselen blei et minilerret med kloke ord for å minne meg på at eg (og alle andre nordmenn) er blant dei mest privilegerte i heile verden. Tenk på det du! Dette skal eg sjå på når eg sutrar fordi eg ikkje kan kjøpe alt eg vil ha. Det viktigaste er jo allerede innanfor husets veggar. Puh, heavy filosofering på en mandagskveld :) Over og ut! 


Kontor-makeover

Denne veka har kontoret vårt fått en liten makeover. Har ommøblert, rydda i hyllene, laga moodboard og fått på plass litt bilder. Etter nesten sju mnd mammaperm skal eg begynne i 60% stilling neste mandag. Greit med en mjuk start ;) Har planer om å få unna litt jobb på kveldstid, så no har eg i alle fall en fin arbeidsplass som motivasjon. Med desse bildene sleng eg meg på NIB si februarutfordring; tid for kontraster. Den fæla ikea-stolen står i alle fall i kontrast til resten som blei så fint.. God helg! :) 

Heimekontoret

Kontor-dobbel Magnettavlene frå IKEA har fått et strøk svart bengalakk og nytt liv som moodboard/bildetavle.

Diggar verdenskart-klokka mi! Kjøpt i Sverige for mange herrens år sia ;)

Oppbevaringsboksane er heimelaga av skoesker, lim og serviettar.

Den gamle ølkassa fant eg på låven. Love it!

Ny, kul kontorstol står på ønskelista, men denne får duge ei stund til..