Mat

Pause

Snøen har lagt seg i fjella og dagane blir mørkare og kortare. Om et par veker takkar sola for seg og vi ser den ikkje igjen før på nyåret. Været er nydelig om dagen og eg passar på å nyte bleike solstrålar og overgangen frå haust til vinter. Det er ei fin tid, dette. Eg synes ikkje at november er ikkje grå og trist, kjem på minst femogtjue ting å glede seg over i november. Rimfrost, stjernehimmel, piskande regn, vakkert gyllent lys, blåtime, tid for innekos, forberedelser til jul, ulande vind, bålbrenning i skumringa, levande lys, vakre soloppganger, røde kinn og knitring frå peisen, for å nevne noko. Med andre ord; mange anledningar til å finne fram varm drikke og ta ei pause.

For min del innebærer det å dille og forsøke å ta vakre bilder. I det eg var ferdig å knipse dette våkna lillesøster ;) Et kreativt avbrekk var mi pause denne gangen, og den gjorde godt :) Bildet er mitt bidrag i månedens NIB-utfordring, «Min anledning».

Reklamer

Homemade

Plommeavlinga vår slo fullstendig feil i år, men besteforeldrene til Bjørn kom på døra med ei bøtte slik at eg fikk kokt i hop nokre glass plommesylte med krydder. Etter at jentene kom til verden har eg blitt enda meir opptatt av rein, skikkelig mat og vi lagar mykje sjølv. Smaken overgår alt frå butikken, og vi veit kva vi puttar i oss. Kjekt er det også! :)

Det skal ikkje berre smake godt – likar at det ser fint ut også ;) Eg laga egne etikettar i Photoshop, printa ut på etikettpapir (kjøpt på eBay) og klistra på glass og lokk.


Vår i vinduskarmen

Vinteren må gang på gang vike for den viljesterke våren her ved Nordfjorden. Snøen som kom i løpet av natta og formiddagen er allereie vekk – ettermiddagssola tok knekken på dei siste standhaftige fnugg. Fint for meg og fint for karsen i kjøkkenvinduet :) Eg har ikkje sådd karse på omtrent tjue år, så lukta og smaken sendte meg rett tilbake til barndommen og minner om sirlig utklipte melkekartongar med våt bomull og spirande frø. Herlig nostalgi.. :)


Good morning beautiful

Canon EOS 450D + Canon EF 50mm F1.8 II 

Seier god morgon med et bilde av den fine skeia mi frå Etsy. Ekte (vintage) sølvskei med handstempla tekst – en liten skatt. Kjøpte to stk for 192 kr. inkl. frakt. Cheap! Ei fin venninne fikk den eine i julegave og den andre tok eg sjøl :) Har sansen for Etsy altså, det er en prima nettbutikk med spesielle og personlige saker. Klikk her og check it out :)

P.S. Jepp, bildet er fullstendig arrangert. Ikkje er eg venstrehendt (måtte ha høgrehanda på kamera), ikkje brukar eg skeia til vanlig og eg et i alle fall ikkje berre bringebær og surmelk til frokost ;)


Barnedåp

Søndag blei lillejenta vår døpt, og dagen feira vi heime i lag med våre nærmaste. Koselig å ha begge familiane samla hos oss, trur det er første gangen vi har klart å få alle under samme tak. Hovedpersonen tok selskapelighetene med knusande ro og fulgte storaugd med på oppstyret :) Flott dag!

Eg laga dåpskaka sjøl. Syns resultatet blei finfint ;) / Enkel borddekking i kvitt og mørkerosa.

Bordkort/lyslykter av matpapir, små IKEA-glass og bokstavstempler frå Clas Ohlson.

Den nydelige dåpskjolen er nesten 100 år gammal og sydd av veslas tippoldemor.


Fredagskos

Fredag og kosetid igjen :) The housewife fikk plutselig bakelyst i dag (det skjer ikkje for ofte..), så her blir det eplemuffins til kvelds. Fortreffelig gode om eg må få seie det sjøl. God helg :)


Rørte rips

Ripsbuskene her på garden er fulle av gode bær, og vi har ete kilovis denne veka. Eg syns dei er best au naturel eller rørte med litt sukker – fortreffelig som pålegg, og med litt pynt på krukka blir det ekstra sommarlig på frokostbordet :) God helg!

(Tusen takk til alle som tar seg bryet med å kommentere bildene mine – eg blir hoppande glad! :)