Natur

Favorittvårtegn

Min favorittblomst, kvitveisen, har endelig dukka opp :) Den er og blir den finaste eg veit, så eg blei hoppande glad då eg såg at den plutselig stod der i kveldssola. Enkle gleder :)

Reklamer

Nordic

Fjæra her eg bur er en av dei mest inspirerande plassane eg veit om, uansett årstid. No om vinteren er det duse blå og grå nyansar som dominerer, og det er både vakkert og avstressande. Er så glad i desse særegne nordiske fargane! Meir eksotisk enn palmar og strender, spør du meg :)

Telelinse = nærbilde av en fjelltopp på andre sida av fjorden Detaljbilde av en gammal naustbjelke


2015

2015

Jula er rydda ut og vi har ønska et nytt år velkommen. 1. januar 2015 – eg startar med blanke ark og forventningsfulle tankar om det nye året. Tusen takk til alle som har fulgt bloggen og lagt igjen fine ord i året vi nettopp har lagt bak oss. Eg set stor pris på kvar einaste kommentar. Skaparlysta er på topp (måtte det vare), så eg håpar eg kan glede og inspirere med bildene mine i året som kjem.

Godt og flott nytt år til alle! :)


Den første snøen

I dag har den første snøen lagt seg her ved fjorden. Det er så fint! Blei så glad når regn- og haglbygene gikk over til lett snø – måtte sporen streks ut og vere i vinteren. Gikk trilletur med ei forundra jente som prøvde å fange snøfnugga som kom inn i vogna. Etter middag testa storesøster og eg akeføret, og eg hadde det minst like kjekt som toåringen. Barnslig glede er det beste som fins! Å komme inn i varmen igjen med røde kinn og glade sinn.. det er jo akkurat slik en desemberkveld skal vere. Håpar snøen får ligge i fred ei stund :)

Gler meg til det fine vinterlyset kjem. Vil fotografere meir natur og landskap, det har det blitt altfor lite av dette året.


Instamoments

September er over for i år, og den har vore fin! Oppsummerer med ni instamoments :)


En morgen til sjøs

Sommaren 2014 kjem vi til å huske lenge. På mine niogtjue år har eg aldri opplevd maken til temperaturar og solsteik. Med en liten baby i hus har vi visse begrensningar når det gjeld aktivitetar i varmen. Å vere ute med vesla heile dagen er uaktuelt, så det må litt kreativitet til for å finne på fine ting med eldstejenta samtidig som lillegull slepp unna sol og hete. M er fullstendig oppslukt i båtar og er heilt i ekstase over all båttrafikken på fjorden. Cruiseskip, lastebåtar, seglbåtar – lykken er stor så fort ho får auge på en. Vår bittelille plastbåt er ikkje like spennande, så en morgen tok vi en rundtur med rutebåten frå Måløy og ut til øyene. Det slo an gitt! Vi stod ute på dekk og kosa oss med morgensol i fleisen, vind i håret og fantastisk utsikt, mens E sov søtt i salongen rett innfor døra. Alle sine behov ivaretatt og fire fornøgde fjes. Heimeferie er ganske ok :)


Sommartid

Klokka er stilt ein time nærmare sommaren. Ein time nærmare lange, lyse dagar og varme solstrålar. Det er nok ikkje så stor forandring sånn over natta, men eg merkar forskjell likevel. Livet spirer og sparkar i meg og eg blir tyngre i kroppen men lettare til sinns. Det er sikkert noko med ordet. Sommartid. Det ligg jo unektelig mykje fint i det :) Har aldri vore den som lengtar etter sommar heile året. Eg likar alle årstidene og drittveir (i moderate mengder) har aldri plaga meg. Likevel er det spesielt når våren kjem for fullt og lyset sakte men sikkert tar over etter månader med mørke og kulde. Kanskje lar eg meg påvirke meir av mørketida enn eg trur. Det føles i alle fall veldig bra at det er sommartid, soltid og utetid :)

Bildet er tatt i fjæra hos oss, og det gir meg den ultimate vår- og sommarfølelsen – blå, glitrande fjord og varme svaberg. Bading, latter. Mysande solbrillefjes i naustveggen. Velkommen skal du vere, sommartid.