Self

#flashtat

Eg har fått heilt dilla på flash tattoos – superfin og praktisk bling som ikkje heng seg fast i ting eller forsvinn på mystisk vis. Ikkje kostar dei skjorta heller, og det er jo også en fordel for ei som aldri brukar ei krone på gull og glitter. Eg er nyfrelst jålegeit!


Half way there!

Tjue veker passert, og tjue igjen til vi får møte vidunderet i magen :) Lurer slik på kva slags personlighet som skjuler seg der inne. Kven liknar lille på? Lys som faren eller mørk som meg? Sovehjerte eller lakenskrekk? Utadvent eller stille? Tenk, to små trollungar i heimen! Toppen på kransekaka er at begge hoppene våre får føll til sommaren :) Vi har ei spennande og fin tid i vente!

Canon EOS 7D + Sigma 35mm F1.4 DG HSM

Kjøpte nytt objektiv denne veka; Sigma 35mm F1.4 DG HSM. Har ønska meg en lyssterk 35mm lenge. Syns 50mm blir for trangt i mange sammenhengar. Vi fikk snø i natt, og det etterlengta vinterlyset er dermed på plass. Supre forhold for objektivtesting og sjølportrett.


The music in me

Eg spelar fele, har gjort det sia eg var seks år. Har musikken i blodet. Spelar dessverre ikkje så ofte lenger, så no høyrer eg nydelige tonar på Spotify og kjenner musikken våkne til liv i meg :) Bildet er et sjølportrett eg tok for tre år sia. Vanligvis er eg lite fornøgd med så gamle bilder, men dette er eg veldig glad i :)


You can leave your hat on

Her kjem fleire bilder frå photoshooten min i fjæra i helga. Skodda letta litt og utgjorde en riktig så fin bakgrunn. Kunne ønske eg turte å gå med hatt til vanlig, det er jo kjempestilig!


Take me home

I dag har det vore skodde hos oss, et uvanlig fenomen på desse kantar. Eg fikk massevis av inspirasjon og måtte ut og knipse en av ideane. I mangel på modell stilte eg opp sjøl. Takk og lov for at svaberga våre ligg skjerma til, ellers hadde nok bygdefolket stussa litt. Folk i hatt og dressjakke i fjæra er ikkje akkurat et dagligdags syn ;) Jaja, eg blei ganske fornøgd med dette bildet. Fleire bilder kjem snart :) 


38

38 veker gravid :) Det var sol og nydelig lys i går kveld så eg gikk en tur for å knipse motlysbilder i stråenga. Hadde ingen planer om sjølportrett, men eg fant ut at det kunne vere kjekt å ha sia eg er så langt på vei. Syns det blei ganske ok til tross for treningstights og bustehår :) Utrulig at vi er komt til august allerede, tida fyker jo. B har ferie og vi nyter dagane heime med koselig besøk og småprosjekt i og rundt huset.


Ny favoritt

Ny, blå yndlingskjole. Klar til sommarens festligheter :)