Sommar

The most relaxing place on earth

Den amerikanske nettavisa Huffington Post har nylig kåra verdens mest avslappande plassar. Min heim, Nordfjord, Norway havna på førsteplass og danka ut både stillehavsparadis og søramerikanske perler. Lørdag morgen var eg ute og rodde færingen i lag med mamma og søstrene mine, og det var definitivt avslappande og fredelig å sjå fjella speile seg i fjorden og kun høyre lyden av årene som traff vatnet.

Her kan du lese artikkelen og sjå heile lista.

Reklamer

En morgen til sjøs

Sommaren 2014 kjem vi til å huske lenge. På mine niogtjue år har eg aldri opplevd maken til temperaturar og solsteik. Med en liten baby i hus har vi visse begrensningar når det gjeld aktivitetar i varmen. Å vere ute med vesla heile dagen er uaktuelt, så det må litt kreativitet til for å finne på fine ting med eldstejenta samtidig som lillegull slepp unna sol og hete. M er fullstendig oppslukt i båtar og er heilt i ekstase over all båttrafikken på fjorden. Cruiseskip, lastebåtar, seglbåtar – lykken er stor så fort ho får auge på en. Vår bittelille plastbåt er ikkje like spennande, så en morgen tok vi en rundtur med rutebåten frå Måløy og ut til øyene. Det slo an gitt! Vi stod ute på dekk og kosa oss med morgensol i fleisen, vind i håret og fantastisk utsikt, mens E sov søtt i salongen rett innfor døra. Alle sine behov ivaretatt og fire fornøgde fjes. Heimeferie er ganske ok :)


Sommar for en toåring

Å vere nesten to år og nettopp ha akseptert at eg samlar dei få, blonde fjona i strikk ♥ Varmen er fortsatt intens, og ho vil bade. Heile tida, i fjorden, i plaskebassenget, i klesstampen, i havet. «Bade meir?» spør ho, og igjen tar vi handkleet frå tørkesnora og finn kaldt, deilig vatn. «En, to, teee», et gledeshyl, og så er vi uti. For en sommar for ei lita (og ei stor) jente!


Uteliv

For en varme! Temperaturane dei siste dagane har vore heilt galne. 28 grader i skyggen er så varmt at det nesten er for mykje av det gode. Lillejenta er heilt utslått av heten og søv heile døgnet, mens toåringen helst vil vere i vannsprederen på plenen. Den vanligvis så irriterande vinden hos oss er plutselig veldig velkommen. Vi er ute så mykje som vi orkar og terrassen blir i alle fall flittig brukt denne sommaren :) Herlig at vi får slike dagar her på vestlandet – det er ikkje for mange av dei. Om eg skal tru veirmeldingane skal varmen vare nokre dagar til før regnet kjem. Og veit du; det skal faktisk bli godt :)

Eg har rydda terrassen for å knipse bilder av herligheten. Vanligvis er det leikar, plaskebasseng og klestørk som tar all oppmerksomheten. Fikk tak i to flunkande nye butterflystolar frå Bloomingville på finn.no til en ok pris. Jippi!


Sommarglimt

Det er strålande sommarveir her i Nordfjord og heile familien nyt ferie og permisjon. Så langt har sommaren vore nydelig, og vi er berre i begynnelsen av juli. Om det skal fortsette slik har vi mange fine dagar i vente. PC’en står i et hjørne og samlar støv for tida. Eg ser heller på søte babysmil og en sommarglad toåring enn å glo på skjermen. Eg har mykje på hjertet (eller minnekortet), men det kjem når det kjem. No held det i massevis å dele nokre glimt på Instagram i ny og ne. God sommar til deg :)lille E er to veker og vi tok en snartur på stranda/ stas å få servert is i sandkassa/ sesongens første bad/ en liten pust i bakken for små, slitne bein/ eg har hatt bursdag og fikk sjølplukka peonar av Bjørn/ nydelig kveld på fjorden, berre vi to/ minifjelltur med flotte gravide Ida/ meir strandliv/ epleblomstring i hagen


Forglemmegei

Jah, det blei visst ei veldig lang pause her. Kombinasjonen av inspirasjonsdvale og for få timar i døgnet har resultert i stillstand på bloggfronten. Ut av intet tok sydilla overhand, og eg har brukt ledige stunder til å sy bittesmå kle til lille som kan komme når som helst. Det meste er klart til familiemedlem nr. fire, så no nyt eg ventetida og har plutselig god tid og rikelig inspirasjon. Eg fann forglemmegei på garden i dag – desse vakre små med den nydeligaste blåfarge. Fram med kamera og voila; back in foto- og bloggbusiness :) 

 Canon EOS 7D + Canon EFS 60mm f/2.8 Macro USM


Sommartid

Klokka er stilt ein time nærmare sommaren. Ein time nærmare lange, lyse dagar og varme solstrålar. Det er nok ikkje så stor forandring sånn over natta, men eg merkar forskjell likevel. Livet spirer og sparkar i meg og eg blir tyngre i kroppen men lettare til sinns. Det er sikkert noko med ordet. Sommartid. Det ligg jo unektelig mykje fint i det :) Har aldri vore den som lengtar etter sommar heile året. Eg likar alle årstidene og drittveir (i moderate mengder) har aldri plaga meg. Likevel er det spesielt når våren kjem for fullt og lyset sakte men sikkert tar over etter månader med mørke og kulde. Kanskje lar eg meg påvirke meir av mørketida enn eg trur. Det føles i alle fall veldig bra at det er sommartid, soltid og utetid :)

Bildet er tatt i fjæra hos oss, og det gir meg den ultimate vår- og sommarfølelsen – blå, glitrande fjord og varme svaberg. Bading, latter. Mysande solbrillefjes i naustveggen. Velkommen skal du vere, sommartid.