Uncategorized

K + K

Siste helga i juni fotograferte eg nygifte Kariann og Kjartan. Dei kom frå kirka med båt, og vi tok bryllupsbildene på en nydelig plass ved fjorden med svaberg og gamle naust. Sola var i sterkaste laget denne dagen – kjekt for brudeparet, litt utfordrande for meg. Det blei mange fine bilder til tross for skyggane og eg har fått lov til å dele nokre av dei her :)

Reklamer

Eget domene!

Eg får fleire og fleire fotooppdrag, og det var på tide å skaffe eget domene med oppdatert portfolio. Har brukt kveldane denne veka til å bygge sida, og eg er veldig fornøgd med resultatet. Portfolioen er minimalistisk og ryddig, just the way I like it! Sjekk www.emmafoto.com og gje meg gjerne tilbakemelding på kva du syns. God markedsføring er viktig viss eg skal komme vidare i fotoverdenen. Er i tenkeboksen om eg skal starte enkeltpersonforetak for å framstå som meir seriøs. Eg er alltid i tvil om kor mykje eg skal ta betalt for ulike oppdrag, særlig sia eg kun er hobbyfotograf. Kor mykje ville du tatt for f.eks. portrettfotografering og bryllupsfotografering? Tips og råd mottas med takk :)


Midtsommar og nytt kamera

Eg har kjøpt nytt kamera, endelig! Min trofaste Canon 450D har omsider blitt erstatta av Canon 7D :) Kjøpte det i forrige veke, men eg har ikkje hatt tid til å teste det skikkelig før i dag. Har savna høgare ISO, fleire bilder per sekund, bedre oppløysing og bedre kapasitet i dårlig lys. 7D er en drøm i forhold til 450’en. Deler bilder frå testfotograferinga i dag tidlig. Eg er kjempefornøgd :) 

Ubeskrivelig fint i fjæra i dag tidlig. Midtsommar på sitt beste! Bildene er nesten ikkje etterbehandla, har berre  gjort dei litt lysare og retta horisonten på det siste. Himmelen var så blå, blå, blå :) 


Velkommen 2013

Et innholdsrikt og fantastisk 2012 er historie, og et nytt år er i emning. Eg har ingen nyttårsforsett, men ei lang liste over mål eg vil oppnå og ting eg vil gjere i året som kjem. Ser fram til å realisere fotoidear og interiørprosjekt, gå nye toppturar, drive meir med hest osv. Har trua på at 2013 vil by på mange gode stunder, så eg er veldig klar for å komme i gang med det nye året. Med ei fem mnd gammal jente i hus har vi neppe ei kjedelig tid i vente :) Tusen takk til alle som har fulgt meg i 2012 og lagt igjen fine ord. De gir meg inspirasjon og energi til å fotografere og utvikle ferdighetene mine. Eg ønsker alle et flott og godt nytt år :) 

Bildet er tatt i fjellheimen her i januar i fjor