Ut på tur

Oktober

Hausten er den beste årstida, og oktober måned er den flottaste av alle tolv. Lufta er aldri så frisk og himmelen aldri så blå. Kontrastane er så store. Denne veka har vore heilt fantastisk med strålande sol, nattefrost, nordlys, spektakulær stjernehimmel.. ja, eg blir heilt høg på haustluft og fin natur. Lillesøster og eg har vore på fjellet kvar dag. Onsdag morgen låg skodda tjukk innover fjorden, og vi satt på en liten topp og såg ned på skoddehavet. Rett og slett vakkert.

Advertisements

Mitt ytterpunkt

En av dei vakraste plassane eg veit om blei besøkt på fredag. Havet var stille og utsikta slåande som alltid. Då vi kom heim hadde toåringen «lyst meir på fælle» (altså fjellet), og eg er takknemlig for at eg kan gjere slikt i lag med familien min og at turgleda tydeligvis/forhåpentligvis går i arv.


Fredagsfjelltur

Eg har vore på fjellet i kveld og lufta vettet litt etter ei travel veke. Å gå på fjellet aleine er rein terapi for meg. Det er sjelden disig på desse kantar, men i kveld såg eg berre siluettane av fjella i nyansar av blått, grønt og grått. Blei snytt for havutsikta, men dette synet var jo heilt magisk! Så stille og trolsk – den einaste lyden var vinden som bles forsiktig mellom toppane (og mi eiga pusting og pesing då..) Fjellufta gjorde susen for kropp og sinn denne gangen også, så no er eg 100% opplada og klar til dåpshelg :)


En morgen til sjøs

Sommaren 2014 kjem vi til å huske lenge. På mine niogtjue år har eg aldri opplevd maken til temperaturar og solsteik. Med en liten baby i hus har vi visse begrensningar når det gjeld aktivitetar i varmen. Å vere ute med vesla heile dagen er uaktuelt, så det må litt kreativitet til for å finne på fine ting med eldstejenta samtidig som lillegull slepp unna sol og hete. M er fullstendig oppslukt i båtar og er heilt i ekstase over all båttrafikken på fjorden. Cruiseskip, lastebåtar, seglbåtar – lykken er stor så fort ho får auge på en. Vår bittelille plastbåt er ikkje like spennande, så en morgen tok vi en rundtur med rutebåten frå Måløy og ut til øyene. Det slo an gitt! Vi stod ute på dekk og kosa oss med morgensol i fleisen, vind i håret og fantastisk utsikt, mens E sov søtt i salongen rett innfor døra. Alle sine behov ivaretatt og fire fornøgde fjes. Heimeferie er ganske ok :)


Strandliv

Endelig klar og blå himmel igjen, og i ettermiddag tok vi (fire generasjonar jenter) årets første tur på stranda. Nydelig i havgapet i dag – iskaldt, men vinterblått og lite vind. Bølgebrus i øyrene og havluft i lungene; yes please! Her skal vi vere masse framover :)

Canon EOS 7D + Sigma 35mm F1.4 A DG HSM


Fjellfolk

Ro. Tida går sakte. Berre oss. Vi var på fjellet i helga og lada litt etter en hektisk sommar. Seterliv på ekte bonderomantisk vis. Ikkje strøm. Vatn henta vi i elva like ved. Utedo. Stillhet. Ligge på svaberget og lese. Plukke blåbær i seinsommarsol mens det klingar i kubjeller. Topptur (M sin første, hooray!). Levande lys og fyr i ovnen når det blir mørkt og kaldt. Å, for en god plass å vere! Lengtar opp igjen allereie :)

M fikk en flying start på toppturtilværelsen ;) B har tatt bildet av oss.
Der nede bur vi!

Canon EOS 7D + Canon EF-S 15-85mm f/3.5-5.6 IS USM og Canon EF 50mm F1.8 II

Statistikken avslører høge lesertall til tross for elendig oppdatering her i det siste. Takk, folkens :) Det blir betre altså. Har massevis av bilder; bryllup, interiør, natur, portrett. Må berre jobbe meg igjennom alle. Eg begynner as we speak :)


Ytre Fure

Ytre Fure er en fråflytta gard i havgapet på Stadlandet. Det fins ikkje veiforbindelse dit, berre en smal og ulendt sti langs sjøen. I går gikk vi dit i lag med en kjekk familie, og hadde en flott dag i heftig natur. Denne turen har eg hatt lyst til å gå lenge, og endelig klaffa det :) Passelig langt for to små i bæremeis og en flinkis på fire + fantastisk utsikt = terningkast seks.


Vilt og vakkert :)

Fin gjeng! Jentene satt i bæremeis mens flinke Martin gikk heile veien sjøl. 

Bratt moro/B har tatt bildet av meg og ungane som ser utover havet.