Vår

Favorittvårtegn

Min favorittblomst, kvitveisen, har endelig dukka opp :) Den er og blir den finaste eg veit, så eg blei hoppande glad då eg såg at den plutselig stod der i kveldssola. Enkle gleder :)

Reklamer

Spring has sprung

Det er heilt ny sesong sidan forrige oppdatering. Det lysnar endelig, både bokstavelig og billedlig :) Det er ein ny vår, og i lag med vårsola kjem også inspirasjon og overskudd til å fotografere og skape meir. For skape må eg, kvar dag. Det treng ikkje å vere rare greiene, men noko kreativt må eg utrette. Sy litt, tegne litt, strikke litt, knipse litt, bygge litt, flytte om på ting eller i det minste planlegge nye prosjekt. Eg har gjort mykje av sistnevnte. På tide å gje liv til ideane.

Har tatt inn plommegreiner frå hagen og dei blomstrar så fint i vinduskarmen.


Sommartid

Klokka er stilt ein time nærmare sommaren. Ein time nærmare lange, lyse dagar og varme solstrålar. Det er nok ikkje så stor forandring sånn over natta, men eg merkar forskjell likevel. Livet spirer og sparkar i meg og eg blir tyngre i kroppen men lettare til sinns. Det er sikkert noko med ordet. Sommartid. Det ligg jo unektelig mykje fint i det :) Har aldri vore den som lengtar etter sommar heile året. Eg likar alle årstidene og drittveir (i moderate mengder) har aldri plaga meg. Likevel er det spesielt når våren kjem for fullt og lyset sakte men sikkert tar over etter månader med mørke og kulde. Kanskje lar eg meg påvirke meir av mørketida enn eg trur. Det føles i alle fall veldig bra at det er sommartid, soltid og utetid :)

Bildet er tatt i fjæra hos oss, og det gir meg den ultimate vår- og sommarfølelsen – blå, glitrande fjord og varme svaberg. Bading, latter. Mysande solbrillefjes i naustveggen. Velkommen skal du vere, sommartid.


Instamoments

Eg har brukt Instagram i tre år. Kjekk og kjapp tjeneste for meg og formidlingsbehovet mitt :) Eg er ikkje blant dei ivrigaste men eit og anna øyeblikk blir delt med ein liten følgerskare. Eg syns spontane kvardagsbilder har mykje større verdi enn arrangerte, oppstilte bilder. Kameraet er dessverre sjelden med, så dei fleste kvardagsminnene blir fanga med mobilen. Her er ni vårfavorittar.


En smak av vår

Her har vi solskinn og plussgrader om dagen, og denslags blir det snøklokker og vårstemning av. Foreløpig er det ingenting som minner om vinter hos oss. Snø og kulde er bytta ut med fuglekvitter, tørr asfalt og knoppar på syrinbuskene. Ettermiddagsstrålane varmar litt allereie og eg kan ikkje anna enn å juble for våren (så lenge den varer.. :) Eg lengtar jo egentlig etter skikkelig vinter, men med baby i magen er det mest praktisk at den uteblir. Eg får uansett ikkje stå på ski eller galoppere i snøen, og då er det like greit at fristelsen er ikkje-eksisterande :) Viss du har tenkt deg på besøk, kong Vinter, må du komme snart og bli ferdig med saken.


Syrinslang

Eg har vore på syrinslang i dag, og kom heim med både kvite og lilla eksemplar :) Har laga små bukettar til å ha på trappa og terrassen – finfint blei det!

Canon EOS 450D + Canon EFS 60mm f/2.8 Macro USM


Diesel

Her i Nordfjord kom sommaren i dag! 27 grader og strålande sol :) Hestane går ute på heiltid og i ettermiddag var eg på besøk til Diesel. Han blir to år om nokre dagar og er en fantastisk god liten hest! Idyllisk i beitet i dag med nyutsprungne blad og skogstjerner og kvitveis over alt. Ja takk til fleire slike dagar :)