Om meg

Eg heiter Emma, er 29 år og bur på ein gard i Nordfjord i lag med éin Bjørn, to små jenter og fire hestar. Fotografering er mi største interesse i lag med mange (altfor mange) andre hobbyar. Eg syr, spelar fele (har gjort det sidan eg var seks), går på fjellet, rir, strikkar, diggar diy og fint interiør, og har alltid eit prosjekt på gang. Eg får jo ikkje tid til ein brøkdel av dette, så bloggaktiviteten går litt opp og ned alt etter sesong og prioriteringar. Eg starta bloggen som «rein» fotoblogg i 2012, men no deler eg litt av kvart her. Målet er uansett å vise gode og inspirerande bilder. Eg er heilt sjølvlærd i fotografering og etterbehandling. 

Bloggen er først og fremst ein reminder til meg sjølv om å ta fleire og betre bilder, og ein plass å få utløp for litt kreativitet. Eg er utdanna ingeniør og økonom og jobbar i bygg- og anleggsbransjen, så dette er plassen for mitt kunstneriske jeg :) Håpar du likar det du ser. Eg blir veldig glad for all tilbakemelding :)

P.S. Om nokon reagerer på at eg skriv ei lett blanding av bokmål og nynorsk, så er dette heilt bevisst. Føler meg ikkje heilt heime i verken bokmål eller nynorsk, så eg skriv slik at det passar best mulig til dialekta mi.

(NB! Det er ufint å kopiere/bruke bildene mine uten avtale! Kontakt meg via e-post) 

One response

  1. Hei Emma. Jeg gleder meg til å se flere stemningsfulle bilder. Takk for titten i dag :-)

    2. oktober 2014, kl. 20:55

Takk for at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar. Eg blir veldig glad :)

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s