Posts tagged “fjord

Nordic

Fjæra her eg bur er en av dei mest inspirerande plassane eg veit om, uansett årstid. No om vinteren er det duse blå og grå nyansar som dominerer, og det er både vakkert og avstressande. Er så glad i desse særegne nordiske fargane! Meir eksotisk enn palmar og strender, spør du meg :)

Telelinse = nærbilde av en fjelltopp på andre sida av fjorden Detaljbilde av en gammal naustbjelke


Take me home

I dag har det vore skodde hos oss, et uvanlig fenomen på desse kantar. Eg fikk massevis av inspirasjon og måtte ut og knipse en av ideane. I mangel på modell stilte eg opp sjøl. Takk og lov for at svaberga våre ligg skjerma til, ellers hadde nok bygdefolket stussa litt. Folk i hatt og dressjakke i fjæra er ikkje akkurat et dagligdags syn ;) Jaja, eg blei ganske fornøgd med dette bildet. Fleire bilder kjem snart :)