Posts tagged “scandinavian

Nordic

Fjæra her eg bur er en av dei mest inspirerande plassane eg veit om, uansett årstid. No om vinteren er det duse blå og grå nyansar som dominerer, og det er både vakkert og avstressande. Er så glad i desse særegne nordiske fargane! Meir eksotisk enn palmar og strender, spør du meg :)

Telelinse = nærbilde av en fjelltopp på andre sida av fjorden Detaljbilde av en gammal naustbjelke

Reklamer

DIY – julekrans

Kassene med julete julepynt står fortsatt på loftet. Eg skal hente dei til helga, men uansett er det grønt og naturfargar som dominerer i heimen. Blir aldri heilt fortrolig med julerødt, men det blir jo litt stusselig uten. Det skal vise at det er jul her også. Til helga! I dag begynte eg på to slike kransar som skal henge i trappa. Metallkrans (15 kr på Panduro-salg), tyttebærlyng, pepperkaker og litt snøre var alt eg trengte. Synes denne fargekombinasjonen er nydelig å kvile augene på. Har sagt det før og seier det igjen – det enkle er det beste, i alle fall finaste. Eg hadde jo tenkt å lage dei ferdige og vise resultatet, men eg kom ikkje lenger enn dette før frøken lakenskrekk våkna igjen :)

Juleforberedelser2


DIY work desk

Arbeidsbordet har fått nytt liv som kjøkkenbord. Det var litt for stort og massivt til arbeidsbord, men passa midt i blinken på kjøkkenet. Var ikkje særlig innstilt på å bruke tusenvis av kroner på nytt kontorbord, så eg kjøpte ei ubehandla benkeplate på Coop Bygg (200 x 62 cm, 600 kr.) og malte den kvit. Eg saga ned det første og beste bjørketreet eg fann på garden og brukte litt av stammen til bordbein. Resten av plata er skrua fast i lister langs veggen. Billig og enkel kontorinnredning! :)

Krakken er kun for syns skuld altså, for den store kontorstolen er gyselig og lite fotogen. Supergod, men akk så stygg. Anyway, eg sit ikkje å vaglar på en krakk framfor pc’en. Her er det komfort som gjeld :)
Kalenderen på veggen er flinke SMÄM sitt verk. Last den ned her.
Det er vår på inspirasjonstavla og i vasen på bordet. Tommel opp for småfuglar, nytt liv og kirsebær- og magnoliablomstring! Snart kan eg sitte her og nyte synet av fruktblomstring i hagen. Yeah!