Posts tagged “white

DIY – bordkort

Vi feira dåpsdagen til lillesøster på søndag, og bordet blei dekka med det septembernaturen har å by på. Eg laga bordkort av lønneblad som eg spraya med sølvmaling. Skreiv på navn med sprittusj og festa dei til glassa med små, kvite klesklyper. En rødkløver (som faktisk er rosa) pynta opp kvar kuvert. Synes det er fint å ta naturen inn på denne måten og bruke av det som fins rett utanfor døra. Likar at det ser litt nedpå og ujålete ut. Det enkle er ofte det beste :)

Reklamer

Bathroom break

Bambusmøblar, kentiapalme og vårkvistar i gamle medisinflasker – litt varme til det kalde vestland. Badet i første etasje blei ferdig i sommar, så no syns eg det er dags å vise bilder. Det var litt utfordrande å planlegge innredninga i det lange og smale rommet, men løysinga blei jo slett ikkje verst. Golvflisane frå Newood skulle eg gjerne hatt i alle rom! Produsenten har mange flotte nyansar i naturtro treimitasjon, men valget falt på desse beige. Dusjsona i eine enden er godt atskilt frå resten av badet slik at vi kunne droppe dusjvegg og likevel unngå vatn utover heile golvet. Badet er ferdigstilt på budsjett, og det går fint an å få det fjongt uten at det kostar skjorta. Servanten for eksempel, m/underskap + speil + høgskap (plassert på vaskerommet) kosta totalt 4795 kroner. Benk + knaggrekke kjøpt på Living-salg til 199 + 99 kroner. Ikea-hylle kr. 79. You do the math. Over og ut og god helg til kvar og en :)